Rettleiar
Nav Voss og Hardanger
Gurid Almenningens Plass 1, 5700 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Rettleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Nav Voss og Hardanger omfattar kommunane Voss, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Kvam og Vaksdal. Denne stillinga er knytt til Nav Voss og inngår i det regionale sykefråværsoppfølgingsteamet i Nav region Voss og Hardanger. Arbeidet har som hovudmål å bidra til redusert sjukefråvær og styrka arbeidsinkludering gjennom målretta oppfølging av brukarar. Oppfølginga skjer i hovudsak digitalt, men noko reising må påreknast.
Hos oss får du meiningsfulle oppgåver, tett samarbeid med sjukemeldte, arbeidsgjevarar og helsetenesta – og høve til å bidra til at fleire kjem tilbake i arbeid. Du blir ein del av eit kompetent og engasjert team som jobbar målretta for å skape gode prosessar som fremjar meistring og inkludering. Arbeidskvardagen i Nav er prega av hyppige endringar, og det er viktig at du er fleksibel og tilpassingsdyktig i møte med nye oppgåver og arbeidsmetodar. Hos oss får du ein variert og utviklande arbeidsdag med stor betydning for både enkeltpersonar og samfunn. Oppfølginga skjer i hovudsak digitalt, men noko reising i regionen må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- Sjukefråværsoppfølging, primært digital oppfølging
- Kartleggje den enkelte sine ressursar og moglegheiter
- Rettleie, motivere og leggje til rette for at brukarar skal komme i arbeid
- Planleggje, koordinere og leie møter der mottakarar av sjukepenger, arbeidsgivar og helsetenesten deltek
- Bruke relevante tiltak og verkemiddel for arbeidsinkludering
- Gjere vurderingar, saksbehandle og dokumentere med utgangspunkt i aktuelt lovverk som folketrygdlova, forvaltningslova og Nav-lova
- Delta i mottaksteam i lokalkontoret
Kvalifikasjoner
- Utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan fagområde som helse, sosial og samfunnsfag. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning
- Kompetanse innanfor rettleiing
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Gode digitale ferdigheiter
- Førarkort klasse B
Det er ønskeleg at du har:
- Relasjonskompetanse
- Erfaring frå oppfølgingsarbeid
- Erfaring med saksbehandling og god forståing av å jobbe etter gjeldande lovverk
- God kjennskap til arbeidsmarknaden i region Voss og Hardanger
Vi ser etter deg som har desse eigenskapane
- Er ein god relasjonsbyggar
- Jobbar strukturert, kan dokumentere løpande og veksle mellom ulike arbeidsoppgåver
- Er fleksibel. Sidan endringar i Nav skjer hyppig treng vi at du taklar uføreseielege hendingar og endringar i arbeidsoppgåver
- Har indre motivasjon for å hjelpe menneske i ulike livssituasjonar
Vi tilbyr
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Eit triveleg arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Spennande oppgåver i møte med sjukemeldte, helsetenesta og arbeidsgjevarar
- Fleksitidsordning
- Moglegheit for heimekontor
- Tilsetting i stillingskode 1434 Rådgjevar med lønnspenn frå kr. 622.000 til kr. 658.400 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Lei meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Cathrine Seim-Haugen, Avdelingsleiar , +47 91393284, cathrine.seim-haugen@nav.noArbeidssted
Gurid Almenningens Plass 15700 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5049890680
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2026
Om bedriften
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b6c2b305-5c56-4337-ad69-2c8e967bcf51
- Sist endret
6. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f5122af902004b8e82cb901fc171b781