Musikk- og Kulturskulelærar 100%
Kultur og fritid, Bykle
Skulevegen 19, 4755 Hovden i Setesdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Kulturskulelærar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 3. september
No har vi ei unik 100 % kulturstilling ledig!
Bykle kulturskule er ein liten, men svært aktiv og pulserande kulturskule. Hos oss er vi ikkje berre ein skule; vi er eit viktig musikk- og kompetansesenter for heile bygda. No ser vi etter ny musikk- og kulturskulelærarar som vil vere med på laget vårt.
Hos oss får kvar enkelt medarbeidar det spelerommet som skal til for å skape magi, både i og utanfor kulturskulen. Vi har eit arbeidsmiljø med stor takhøgd, der det er rom for å forme eigen arbeidskvardag og ta aktivt del i å utvikle kulturlivet i kommunen
Eit bankande hjarte for samspel:
Vi har fire lærarstillingar der alle jobbar sjølvstendig med sin spisskompetanse, men det er når vi speler saman at det verkeleg svingar! Samspel og tverrfagleg samarbeid er ei heilt essensiell brikke i undervisninga og i tilbodet vårt. Under eininga Kultur og fritid ligg Bykle kulturskule, bibliotek, Ung Kultur, frivilligsentral og kulturhus.
Vi ser etter deg som vil vere ein engasjert pådrivar i laget, slik at elevane våre får oppleve gleda av å skape noko stort i fellesskap.
Arbeidsoppgaver
Undervisning og formidling- Gjennomføre individuell instrumentopplæring og gruppeundervisning/band i kulturskulen (særleg ynskjeleg med kompetanse innan gitar, bass eller slagverk)
- Ha musikkundervisning i barne- og ungdomsskulen
- Lede musikkleik i barnehagane og/eller på SFO/skulen
- Bidra med anna undervisning ut ifrå din kompetanse, for å skape breidde i tilbodet vårt.
- Ha rolla som konsertplanleggar for kulturskulen sine arrangement
- Vere lydteknikar ved mindre arrangement for kultur og skule
- Bidra med praktisk arbeid og rekruttering inn mot UKM
- Ta eigarskap til og vidareutvikle kulturskulen sitt samla tilbod, både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer
- Ta del i fritidsklubben for mellomtrinn og ungdomsskule, der du brukar band og musikk for å engasjere og skape aktivitet.
- Andre relevante oppgåver delegert frå leiar kan kome.
Kvalifikasjoner
- Minimum treårig relevant utdanning frå høgskule eller universitet
- Gode faglege og pedagogiske evner.
- Eit ekte hjarte for målgruppa: Du må trivast med, og ha ei genuin interesse for å jobbe for og med barn og unge. Erfaring frå slikt arbeid tel positivt.
- Trygg på bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen.
- Tydeleg og god kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Du har førarkort klasse B og disponerer eigen bil (dette er eit absolutt krav for stillinga på grunn av køyring mellom undervisningsstadane).
- Godkjend politiattest, ikkje eldre enn tre månadar, må leggjast fram før tiltreding.
Personlige egenskaper
- Har stort engasjement for elevane si læring og utvikling
- Skapar eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og byggjer lett relasjonar
- Arbeider sjølvstendig, strukturert og med god gjennomføringskraft
- Er nysgjerrig, løysingsorientert og trivst med utvikling
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar for stillinga
Vi tilbyr
- Løn etter kompetanse + eit rekrutteringstillegg på 40 000,- pr år
- Hjelp til å skaffe bustad dersom det er behov.
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeidstid dagtid, ettermiddag/kveld, samt sporadisk kveld- og helgearbeid ved konsert/arrangement
- Ein arbeidsplass der du får reell påverknadskraft til å utvikle kulturtilbodet, med hovudvekt på barn og unge i alderen 6–16 år.
- Kulturskulen er ein integrert del av eininga Kultur og fritid. Du vil jobbe tett saman med ungdomsarbeidarar, Ung Kultur, frivilligsentral og bibliotek.
- Aktiv deltaking i ungdomsmiljøet: Ein spennande del av stillinga di vil vere å ta del i arbeidet på klubben vår for mellomtrinnet og ungdomsskulen, der du får moglegheit til å byggje gode og trygge relasjonar til dei unge på ein uformell arena.
- Gode fasilitetar med undervisning både på Hovden og i Bykle. Gjennom Bykle Samfunnshus og Hovden Grendehus har vi tilgang til flotte scenar med profesjonelt lyd- og lysutstyr.
- Eit raust og inkluderande fellesskap som heiar på kvarandre! Eit trygt, varmt og godt arbeidsmiljø står øvst på prioriteringslista vår.
- Bedriftsleilighet i Kristiansand
- Nærleik til flott natur og gode fritidstilbod i kommunen.
- Bykle kommune har full barnehage/SFO dekning med inntak heile året.
Kontaktinformasjon
Helga Jacobsen, Tjenesteleder, 45273218Arbeidssted
Skulevegen 194755 Hovden
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BykleReferansenr.: 5167304673
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Helga Jacobsen
Tjenesteleder
45273218
Om bedriften
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar difor alle som er kvalifisera til å søkje hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnteke offentlegheit, du må grunngje dette skriftleg jf. offentleglova §25. Dersom kommunen ikkje imøtekomer, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b6bfd318-67a0-45e7-bc0c-cfe9de3d4bb2
- Sist endret
20. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5a7d771d7b7c422c87c8f3a21f42cd26