Rådgivar bibliotekutvikling
Kulturområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Borgundvegen 340, 6009 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivar bibliotekutvikling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 19. mai
Vil du vere med å sette retning for bibliotekutviklinga i Møre og Romsdal? Brenn du for kulturfeltet og har lyst på spennande arbeidsoppgåver og nye utfordringar?
Møre og Romsdal fylkeskommune er pådrivar for den regionale bibliotekutviklinga ut i mot dei 27 kommunane i fylket og oppfølging av skolebiblioteka i vidaregåande skole. Vår portefølje spenner frå leselystsatsing til felles digital infrastruktur for folkebiblioteka, seniorgaming og skaparverkstad i bibliotek. Våre mål og prioriteringar blir gjort i samråd med biblioteksjefane i fylket, og samarbeid regionalt og nasjonalt er blant våre viktigaste verktøy.
Dei viktigaste satsingsområda vil vere:
Aktiv formidling, leselyst og formidlingskompetanse i folkebibliotek
Biblioteket som kunnskapsaktør
Demokrati og ytringsfriheit
Digital infrastruktur
Samskaping og samarbeid for å utvikle tenestetilbodet
Fylkeskommunen skal ivareta regionale bibliotekoppgåver og regional bibliotekutvikling, som å gi råd til lokale myndigheter, yte bibliotekfaglig veiledning og assistanse, og arrangere møter og kurs om bibliotekspørsmål. Vi er organiserte i eit fagteam for regional bibliotekutvikling, i kulturavdelinga, seksjon for kultur og folkehelse. Arbeidet er i stor grad prosjektbasert, med høge krav til arbeidsmetodikk og gjennomføringsevne.
Vi søker ein medarbeider med høg bibliotekfagleg integritet, med ei klar forståing av folkebiblioteka sitt oppdrag og stor interesse for utvikling av feltet.
Møre og Romsdal fylkeskommune har arbeidslokalar både i Kristiansund, Molde og i Ålesund. Arbeidsstad for denne stillinga er fortrinnsvis Ålesund.
Arbeidsoppgåver
Hovedoppgåvene vil vere rådgivings- og utviklingsoppgåver for bibliotekfeltet.
Den som blir tilsett skal legge til rette for kompetanseheving, kunnskapsoverføring og god informasjonsflyt. Rådgivaren skal jobbe på tvers av fagfelt og legge til rette for prosjekt i samhandling med biblioteka i fylket, og samarbeide med skolebiblioteka i VGS.
Vedkomande skal også veilede om og følge opp bibliotekstatistikk.
For å trivast hos oss må du vere lærevillig og førebudd på endra arbeidsoppgåver undervegs, ut frå behov for omprioriteringar som oppstår både i biblioteka og i kulturavdelinga.
Du får jobbe med å:
- rådgi, veilede og vere pådrivar for utvikling av bibliotekfeltet
- leie prosjekt og delta i relevante prosjekt, inkludert utforming av prosjektsøknadar, marknadsføring (mot biblioteka og publikum) oppfølging av prosjekt i
biblioteka, rapportering mm. - sette opp og administrere kurs og andre kompetansehevende tiltak retta mot biblioteka
- ta initiativ til samhandling med andre sektorar internt, eksternt og nasjonalt
- utarbeide kunnskapsgrunnlag og delta i planarbeid
- arrangere faglege konferanser og samlingar, halde faglege innlegg og foredrag
- samarbeide med folkebiblioteka i kommunane og biblioteka i vidaregåande skole
- behandle søknader om tilskot
Arbeidsoppgåver blir løpande fordelt i teamet, basert på kapasitet og kompetanse
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har
- høgare utdanning innanfor bibliotekfag, minimum bachelornivå
- søkarar med annan relevant utdanning kombinert med erfaring frå biblioteksektoren kan bli vurdert
Det er ønskeleg med
- erfaring frå bibliotek
- erfaring frå prosjekt-, formidlings- og utviklingsarbeid
- god digital kompetanse
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- kjennskap til excel
- innsikt i offentleg forvaltning og kjennskap til planprosessar
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- fleksibel
- løysingsorientert
- evne til å prioritere
- evne til samarbeid
- gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver
- eit spennande arbeidsmiljø med kolleger med eit mangfald av utdanning og kompetanse innan kunst og kultur
- god tilgang til fagleg nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- lønn etter avtale
Kontaktinformasjon
Ragnhild Holsvik, Seksjonsleder, 41629185, ragnhild.holsvik@mrfylke.noArbeidsstad
Borgundvegen 3406009 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4930366494
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Kulturområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2926977
- Hentet fra
talentech
- Referanse
504779b11f4c488bbe8955277667bb34