Lærarstillingar i grunnskulen
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærarstillingar i grunnskulen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. februar
Arbeidet i skulen er spennande og varierande. Øystre Slidre kommune erkjenner at ein i for stor grad kan bruke tid på enkeltsaker og andre oppgåver. Vi arbeider derfor med å endre tidsbruken meir over til fag og undervisning. Vi meiner det er viktig at lærarane i mest mogleg grad får undervise i faga dei har. For å lykkast er det viktig med god kollegastøtte, og at vi saman i alle ledd, frå administrasjonen i kommunen til kvar enkelt tilsett, legg til rette for gode arbeidskvardagar med elevane i sentrum. Vi har eit godt grunnlag å bygge på med gode, engasjerte tilsette. Synast du dette virkar spennande, håpar vi du vil søke jobb hjå oss.
Det er ledige stillingar på Lidar skule og Øystre Slidre ungdomsskule:
Lidar barneskule har 98 elevar skuleåret 24/25. Det er 7 klasser i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring.
Vi organiserer oss slik at vi har to lærarar per trinn i basisfaga.
Det kan også bli aktuelt med vikariat.
Øystre Slidre ungdomsskule har 113 elevar skuleåret 24/25. Vi jobbar i hovudsak i team, men og i ein to-lærar funksjon. I to-lærarfunksjonen samarbeidar faglærarane på tvers av trinna. Mykje av samarbeidet i basisfaga foregår i fagseksjonar som vi set av tid til gjennom skuleåret.
Skriv i søknaden hvilke av stillingane du søkjer på. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Undervisning
- Kontaktlærarfunksjon
- Vera med å skape aktivitet og tryggleik i skulemiljøet
- Delta aktivt i utviklingsarbeidet i skulen
Kvalifikasjonar
- Lærarar med trygg og god klasseleiing som legg til rette for fagleg fokus
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Lidar skule:
Lidar skule har behov for lærarar med fagkompetanse i spesialpedagogikk, kroppsøving, naturfag og uteskule.
Øystre Slidre ungdomsskule:
Vi har i hovudsak behov for lærarar i norsk, engelsk og kroppsøving. Andre fag kan vera aktuelle.
Personlege eigenskapar
For elevane i Øystre Slidre er det viktig at du:
- er ein trygg klasseleiar
- er ein tydeleg vaksen som rettleiar elevane når dei treng det
- kan bygge gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane
- har gode samarbeidsevner, er fleksibel, robust og er ein god lagspelar
- har fokus på fagleg og sosial læring og utvikling
- ser verdien av og tek initiativ til å løyse oppgåver og utfordringar saman i team
- har ynskje om å utvikle deg vidare som lærar saman med profesjonsfellesskapen
Vi tilbyr
Når du kjem til oss i Øystre Slidre, vil du møte vaksne som er opptekne av relasjonsskaping, fagleg utvikling og samarbeid. Tilsette ved skulane har gode verdiar for samhandling med elevar, foreldre og kolleger. På skulen hjå oss verdset vi høgt det å ha eit godt miljø. Respekt, samarbeid, lagspel og humor er viktige faktorar i kvardagen. Elevane våre er i læring til å bli best mogleg rusta til å møte samfunnet som vaksne personar. Ledelsen på vår skule er og oppteken av å vere ei støtte og tilstades for personalet sitt. Vi opplever at vi samarbeider godt med elevane våre og dei treng tydelege vaksne som kan rettleie dei når det trengs. Vi har gode skulebygg og uteområde/lokalområde som innbyr til uteskule og allsidig aktivitet.Som nyutdanna får du både individuell rettleiing og grupperettleiing.
Kontaktlærarane i Øystre Slidre får utvida tid til kontaktlæraroppgåver dersom du har fleire enn 15 elevar. Det blir fleire kontaktlærarar dersom trinnet har meir enn 20 elevar.
Vi oppfordrar og legg til rette for vidareutdanning.
Lærarar har telefongodtgjering.
Kommunen kan tilby gode forsikrings- og pensjonsordningar og flyttegodtgjering.
Vi oppfordrer også lærarstudentar til å søkje. Er studiet lagt opp slik at du kan kombinere det med jobb, vil du skaffe deg nyttig erfaring. Dersom du kan jobbe 50% eller meir, får du ekstra tilrettelegging frå kommunen.
Kontaktinformasjon
Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, 99690813Siv Aina Theodorsen, Rektor ØSUS, +47 41761631
Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4905996508
Stillingsprosent: 100, 40%
Fast
Søknadsfrist: 02.02.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Siv Aina Theodorsen
Rektor ØSUS
+47 41761631
Sissel Dahle Lie
Rektor Lidar skule
99690813
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2837023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7e747a76d0014a4e990d4ce6f5508111