Tersan Havyard søker trainee: KHMS
Visere
Hafstadvegen, 6800 Førde
Om jobben
- Type ansettelse
- Trainee, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Har du lyst på ein jobb der du ser resultatet av arbeidet ditt kvar dag i form av tryggleik på verftet, godt arbeidsmiljø og betre kvalitet på båtane som blir bygde? Som KHMS Trainee hos Tersan Havyard får du bruke utdanninga di til noko konkret og viktig, tett på både folk og produksjon.
Samtidig får du eit heilt år med fagleg påfyll, nettverk og personleg utvikling gjennom Framtidsfylket traineeprogram.
Kvifor denne jobben?
I denne stillinga blir du ein del av hjartet i verftet, nemleg arbeidet med kvalitet, helse, miljø og sikkerheit. Du:
får vere med og påverke korleis vi jobbar trygt og smart i kvardagen
får ansvar som veks i takt med at du blir trygg i rolla
har ein eigen mentor som følgjer deg gjennom året
blir kjent med heile verftet – frå verkstad og kaia til møterom og leiing
Du får ein variert kvardag der du vekslar mellom å vere ute i hallen saman med folk, og inne med analyse, forbetringsarbeid og planlegging.
Kva går jobben ut på?
Vi vil at du skal lære mykje, men ikkje vere supermenneske. Difor startar du enkelt, og så byggjer vi på etter kvart. Døme på oppgåver du kan få:
bidra i forbetringsprosjekt innan berekraft, helse, kvalitet og miljø
støtte KHMS-arbeidet i byggeprosjekta
følgje opp avvik og uønskte hendingar
vere med på vernerundar, risikovurderingar og sikker jobb analysar
Du jobbar tett saman med KHMS-leiar og andre nøkkelpersonar i verftet, og du blir tidleg ein naturleg sparringpartnar for leiarar og kollegaer.
Dette får du hos Havyard
Vi veit at livet er meir enn jobb. Som trainee hos oss får du:
ein arbeidskvardag med korte avstandar mellom beslutning og handling
ein uformell kultur der folk helsar på kvarandre i gangen og tek seg tid til ein prat
moglegheit til å følgje båt frå bygging til levering
tett samarbeid med dyktige fagarbeidarar, ingeniørar og leiing
I tillegg kjem Framtidsfylket sitt traineeprogram, der du får samlingar, studietur, nettverk og kurs saman med andre nyutdanna i Vestland.
Kven trur vi at du er?
Vi er meir opptekne av motivasjonen din enn av at du «treff på alt». For å trivast i rolla trur vi at du:
har utdanning på fagskule-, bachelor- eller masternivå innan t.d. HMS, kvalitet, ingeniørfag, maritim eller liknande
er nysgjerrig på folk, prosessar og korleis vi kan gjere ting tryggare og betre
liker å vere både ute i produksjonen og inne i system og tal
kommuniserer godt på norsk munnleg, og gjerne skriftleg
Har du lite erfaring? Det er heilt i orden – dette er ein traineestilling. Vi lærer deg det du treng å kunne.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.
Du vil jobbe som trainee hos oss i ett år – fra august til august.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b65b4ffc-3bcc-40bd-be3f-0e765ef31f16
- Sist endret
16. desember 2025
- Hentet fra
teamtailor
- Referanse
teamtailor-6930882-1755413
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Visere
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Engebø Rutile and Garnet
Sted
Naustdal
Arbeidsgiver
Visere
Sted
Førde