Barne- og ungdomsarbeidar/assistent
Borsheim barnehage, Klepp kommune
Nordsjøvegen 230, 4352 Kleppe, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar/assistent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
I Borsheim barnehage har me ledig 100 % barne- og ungdomsarbeidar/assisten stilling frå 01.08.2025 eller etter avtale.
Ved mangel på kvlaifiserte søkarar kan personar med ynskje om å ta fagbrev eller med erfaring som assistent frå arbeid i barnehage blir vurdert.
Borsheim barnehage har 4 avdelingar barnehage og ligg midt i det beste Klepp kommune har å by på. Her er kort veg til sjø og strand, skog og vatn og eit rikt dyreliv. Den unike beliggenheten nyttar me som ein natuleg plass for leik og læring.
Me har eit godt fagleg miljø med fokus på vidare utvikling. Gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling sikrar me at me er ein lærande organisasjon og heile perosnalgruppa deltar i felles utviklingsprosessar. Me er sertifisert Marte Meo barnehag, og har fleire Marte Meo praktikarar og ei som er Marte Meo terapeut. Marte Meo er ein utviklingsstøttande metodikk som blir brukt i veileding av personale for å auka relasjonskompteansen og kvaliteten på samspelet med barna.
Me har eit stort fokus på å ha eit trygt og inkluderande barnehagemiljø med autoritative vaksne. Tidleg innsats med Kleppmodellen som verktøy, eit godt språkmiljø, livsglede og psykisk helsefremjande leikemiljø er noko av det me arbeider med i Borsheim barnehage.
Me er no på jakt etter deg som kan bidra til at barna i Borsheim barnehage får ein trygg, utforskande og innhaldsrik kvardag.
Intervjuprosessen vil forgå fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Delta i planlegging og gjennomføring av det pedagogiske og prakitiske arbeidet i tråd med gjeldande lovverk og planar
- Medverka til at barnehagens innhald og virksomheit held ein høg fagleg kvalitet
- Bidra til eit godt samarbeid i personalgruppa, med føresette og andre instansar
- Delta aktivt i leik med barna både inne og ute
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Lang og relevant erfaring kan og vurderast
- Gode norskkunnskaper (muntleg og skriftleg)
- Ved anna morsmål enn norsk er det krav om dokumentasjon språknivå 1
- Gode digitale kunnskaper
- Godkjent politiattest må foreligge før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Du har interesse for og ynskje om å arbeide for barnas beste
- Du har blikk for barnas leik og er aktiv i lag med barna i leiken inne og ute
- Du er positiv, og vil vera med på å skapa/oppretthalda eit godt arbeidsmiljø
- Du er god på å arbeida sjølvstendig og i team
- Du ser på barn og føresette med respet, viser omsorg, glede og er fleksibel
- Du er raus og byr på deg sjølv
- Du har god evne til å samarbeide med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar
- Du har fokus på nærvær
Vi tilbyr
- Spanande pedagogiske utfordringar
- Ein variert og innhaldsrik kvardag
- Stabilt personale og godt arbeidsmiljø med mykje latter og glede
- Fadderordning
- Klesgodtgjørelse
- Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordningar i KLP
- Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons og forsikringsordnignar. Tilsetjing skjer på dei vilkå og med dei plikter som kjem fram i utlysninga, og til dei einkvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar.
Kontaktinformasjon
Karen Norstein Danielsen, Styrar, +47 40488031Arbeidsstad
Nordsjøvegen 2304352 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4981854506
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Karen Norstein Danielsen
Styrar
+47 40488031
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b643975e-1115-43c6-8f32-53496fc01547
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a1bff501e7d9401e867ce94293448850