Deltidsstilling i brannvesenset
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Innlandet, Skjåk, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Brannmann
Oppstart
1. mai 2024
Type ansettelse
Fast, deltid 2%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
I Lom og Skjåk brannvesen er det ledig deltidsstilling i 2,36 % som brannkonstabel/ røykdykkar ved Skjåk stasjon. Stillinga er ledig frå mai.
Lom og Skjåk brannvesen er eit vertskommunesamarbeid med folkevalt nemnd eigd av kommunane Lom og Skjåk. Skjåk kommune er vertskommune. Brannvesenet er organisert med førebyggande og beredskapsavdeling.
Kvalifikasjonar- Søkjarar må bu og ha dagleg arbeid i nærleiken av brannstasjonen. Frammøte på brannstasjonen frå heim/arbeid innan 5 minutt
- Søkjarar må ha god fysisk form og tilfredstille krav til helseattest og fysisk krav som røykdykkar
- Vere villig til å ta opplæring som blir kravd for stillinga
- Krav om framlegging av politiattest (brann- og eksplosjonvernloven § 18)
- Allsidig bakgrunn og fullført vidaregåande skule
- Ynskeleg med førarkort klasse C
- Interesse for å delta i teneste innan brann og redningsarbeid, og gjerne med bakgrunn og erfaring innan slik teneste
- Fleksibilitet i høve til omstillingar
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- God norskkunnskap
- Generell forståing for bruk av informasjonsteknologi
Kvinner blir oppmoda til å søkje.
Løn etter gjeldande avtale.
Nærmare opplysningar v/Atle Festervoll mobil [95 98 99 41](tel:95 98 99 41), eller Bjørn Bøye mobil [46 82 18 63](tel:46 82 18 63).
Søknadsfrist 21.04.2024- Elektronisk søknadsskjema
- Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2618724
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
b63ea52e-2b33-4177-aab9-de72883031fd