Servitører som vil jobba deltid anna kvar helg
Hemmeleg Restaurant
Storgata 12, 4340 Bryne, Time, Rogaland
Om jobben
Stillingstittel
Servitør
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidstid
Vakt, kveld, alle dager
Antall stillinger
2
Er du ein av våre hemmelege og utadvendte servitørar? I så fall vil me ha med deg i eit kreativt og annleis restaurantkonsept på Bryne. Me ser etter servitører som tør å by på seg sjølv og som kan ta sjølvstendige avgjerd i servicesituasjonar.
Du må villa tenka utanfor boksen og ha eit ynskje om å formidla god mat- og drikkekultur.
Me har skapt eit kreativt arbeidsmiljø på Bryne som fordyper seg i matfatet på Jæren og tenker berekraftig. Me serverer ekte og skikkeleg mat og tilbyr opplevingar utover god mat og drikke.
Me treng servitører som kan jobba frå 10-50% kveld og helg. Du bør vera over 20år og må beherska norsk, munnleg og skriftleg.
Om bedriften
Hemmeleg er ein berekraftig restaurant for gode matopplevingar midt i matfatet på Jæren. Me serverer ærleg og ekte mat med skikkelege råvarer frå stolte produsentar. Med ein god dose hemmeleg kreativitet vil me gje gjestene våre ei ugløymeleg oppleving.
Hemmeleg opna august 2019 og er ein restaurant med hemmeleg 3-rettar, a la carte og mat du kan ta med heim. Me er ein nynorskrestaurant med rom for kreativitet, leik og kjærleik. Me har ei unik nærleik til våre leverandørar og skal løfta den lokale bonden i presentasjonen av maten me serverer.
Me er bonden Jone Wiig, kokken Arne Nese, ølsomelieren Bjørn Hagerup Røken og kreativ leiar Frode Hagerup jr.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2076947
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
b6268af0-0dac-4693-8853-05b961fe3429