Sjukepleiar i 100% fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
Alver kommune
Kvassnesvegen 48, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar i 100% fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 29. november
Trivst du med fagleg ansvar, samarbeid og varierte arbeidsdagar?
Då kan dette vere den rette stillinga for deg.
Vi søkjer ein sjukepleiar som ønskjer å vere med frå starten når vi byggjer opp eit nytt legesenter. Hos oss får du bruke breidda i sjukepleiarfaget i ein variert arbeidskvardag med pasientkontakt, prosedyrar, laboratorieoppgåver og tett samarbeid med legar og helsesekretærar.
Om det nye legesenteret
Det nye legesenteret har fire fastlegeheimlar og held til i trivelege og funksjonelle lokale i Knarvik. Det er gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret, og god buss- og båt samband til Bergen sentrum.
Vi nyttar Infodoc journalsystem. På forkontoret vil det vere tilsett helsesekretær, sjukepleiar og ein driftskoordinator som koordinerer den daglege drifta i samarbeid med assisterande einingsleiar/einingsleiar.
Legesenteret er i ein oppbyggingsfase, og saman skal vi etablere gode rutinar, arbeidsformer og ein trygg og inkluderande samarbeidskultur. I starten vil ikkje alt vere ferdig utvikla, og arbeidsmåtar og ansvarsdeling kan bli justerte undervegs. Vi ser derfor etter medarbeidarar som blir motiverte av å vere med og byggje opp noko nytt, tek initiativ og trivst med utvikling og endring. Hos oss får du høve til å påverke korleis vi organiserer arbeidsdagen, fordeler oppgåver, utviklar rutinar og byggjer arbeidsmiljøet heilt frå starten.
Vi legg vekt på kompetanseutvikling, godt tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg kvalitetsforbetring. Målet er å tilby tilgjengelege og gode legetenester, slik at pasientane kjenner seg velkomne og blir møtte med tryggleik, profesjonalitet og god service.
Om stillinga
Vi søkjer ein autoriserte sjukepleiar i 100 % fast stilling, med arbeidstid på dagtid frå kl. 08.00 til 15.30, utan turnusarbeid. Vi ser for oss oppstart våren 2027, truleg i april. Intervju er planlagd gjennomført før jul.
Saman med kollegaene dine skal du bidra til trygge og gode legetenester, gode pasientforløp og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, open kommunikasjon og gjensidig respekt, slik at pasientane kjenner seg velkomne og godt ivaretekne.
Arbeidsdagane er varierte, og det må påreknast periodar med høgt tempo og mange samtidige oppgåver. I opningstida vil du møte pasientar både på telefon og ved oppmøte, gjere faglege vurderingar og bidra til at drifta flyt godt i ein arbeidskvardag som kan vere travel og til tider uføreseieleg.
Du får òg høve til å bidra til å utvikle sjukepleiarfaglege oppgåver, prosedyrar, pasientforløp og samarbeidsformer ved det nye legesenteret.
Einingsleiar og assisterande einingsleiar har personalansvaret for dei tilsette.
Arbeidsoppgåver
- arbeide på skiftestove
- vurdere og prioritere førespurnader på telefon og resepsjon med legevaktindeks som avgjerdsstøtteverktøy
- utføre laboratoriearbeid, mellom anna prøvetaking og analyse av prøvar
- utføre delegerte oppgåver frå lege, til dømes avanserte sårskift, infusjonar, kateterskift og pasientoppfølging
- delta i økonomirutinar og driftsoppgåver etter avtale med driftskoordinator
- bidra til å etablere og vidareutvikle gode faglege prosedyrar, pasientforløp og arbeidsmåtar
- delta i kvalitets-, forbetrings- og utviklingsarbeid ved legesenteret
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- minimum tre års relevant erfaring frå legekontor, legevakt eller verksemd med tilsvarande arbeidsoppgåver,
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- god digital kompetanse
- erfaring med Infodoc
- erfaring med telefontriagering
- erfaring frå laboratoriearbeid og akuttmedisinsk arbeid
- gjennomført akuttkurs
Krav om politiattest
Den som blir tilsett, må leggje fram gyldig politiattest før tiltreding jf. helse- og omsorgstenestelova§ 5-4. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
Kven er du?
Vi ser etter deg som har yrkesstoltheit og ønskjer å vere med og byggje opp eit nytt legekontor med trygge og gode tenester for pasientane. Du er ansvarsbevisst, serviceinnstilt og trygg i fagrolla di. Samstundes er du open for at arbeidsmåtar og rutinar må utviklast og delast i lag med andre.
Du arbeider godt både sjølvstendig og i team, tek initiativ og bidreg når situasjonen krev det. Du kommuniserer ope og respektfullt og bidreg til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø. Du deler kunnskap, held deg fagleg oppdatert og tek ansvar for eiga utvikling. Det er naturleg for deg å lære av andre og bidra til at vi utviklar tenesta saman.
Vi ser etter deg som held oversikta når det er travelt, tek ansvar og hjelper til der behovet er størst. Du trivst med samarbeid og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og du deler fagkunnskap med dine kollegaer.
Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande hovudtariffavtale
- stillinga blir lønna i tråd med gjeldande lønnsnivå for sjukepleiarar i Alver kommune, som per i dag ligg kr 10 000 over minstelønsgarantien i hovudtariffavtalen til KS
- god pensjonsordning
- høve til å bruke og vidareutvikle brei sjukepleiefagleg kompetanse
- høve til å påverke faglege rutinar, arbeidsformer og samarbeidskultur ved eit nytt legesenter
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Sjå filmen vår og bli betre kjend med kommunen, arbeidsplassane våre og kva det er som gjer Alver til ein god stad å arbeide og bu.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneKontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b6228bae-ab9b-46ac-90d7-e546dbd522d6
- Sist endret
13. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10316091