lærarstilling
Undheim skule, Time kommune
Bjønnholen 10, 4342 Undheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
lærarstilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 1. juli
Undheim skule søker etter ny kontaktlærar på småtrinn. Er du vår nye lærar?
Undheim skule er ein 1.-7. skule som ligg idyllisk til i sentrum av den "Grøna bygdå" Undheim. Her har ein utsikt over det vakre jærlandskapet og Knudaheio. Skulen vår har omlag 100 elevar og ca. 17 tilsette. Visjonen vår er "Mot til å meina, lyst til å læra"
Utviklingsområda våre er lesing, skriving og elevmedverknad. leiinga ved skulen består av rektor, avdelingsleiar og SFO leiar. Undheim skule har eit stort og oppgradert uteområde, som byr på mange mogelegheitar både i undervisning, uteskule og leik. Undheim skule arbeider for eit trygt og godt skulemiljø for alle elevane og er sertifisert Olweusskule.
Skulen har eit godt arbeidsmiljø med faglege, engasjerte og dyktige tilsette.
Grunna tidsfristar vil søknader verta behandla fortløpande etterkvart som dei kjem inn
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre undervisning og vurdere elevane si læring både fagleg og sosialt i tråd med LK20
- Gje god tilrettelagt opplæring for elevar på ulike faglege nivå
- Ha ein inkluderande praksis, for å få med alle elevar i fellesskapet i klasse og trinn både fagleg og sosialt
- Arbeide i profesjonsfellesskapet, som blant anna inneber trinnsamarbeid, pedagogisk utviklingsarbeid med meir
- Delta aktivt og engasjert i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid saman med kollegaer
- Samarbeide med andre faginstanser når dette er aktuelt
Bidra til å arbeide for eit godt skule-heim-samarbeid, kor det er skulen som har profesjonsansvaret
Kvalifikasjonar
- Allmennlærar/grunnskulelærar 1.-7. Andre søkarar med pedagogisk utdanning vil og bli vurdert, så lenge utdanninga er i tråd med krav i opplæringslov og forskrift i opplæringslov
- Undervisningserfaring frå 1.-7.trinn, men og for andre trinn kan vere aktuelt
- God digital kompetanse, alle elevar og tilsette nyttar læringsbrett i sitt daglege arbeid
- God relasjonskompetanse
- Gode samarbeidsevner
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Gerd Rusdal, Rektor, +47 98635393Arbeidsstad
Bjønnholen 104342 Undheim
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4985615562
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Gerd Rusdal
Rektor
+47 98635393
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b616a7f9-c892-47f3-8deb-964fbb072583
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7b8f1b89d29642208be7e8f187e135d5