Er du sjukepleiar og ønsker nye utfordringar og varierte arbeidsdagar? Søk jobb hos Bemanningssenteret på Stord eller i Haugesund!
Helse Fonna
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Stord
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar Bemanningssenteret
Oppstart
14. august 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
5
Veit du ikkje heilt kva fagområde du vil jobbe innan? Eller liker du variasjon der ingen arbeidsdag er heilt lik? Kanskje trivs du både med somatikk og psykiatri? Då har du ein gyllen moglegheit ved å søke jobb hjå oss!
Bemanningssenteret i Helse Fonna feira 10-årsjubileum i 2021, og har dei siste åra blitt utvida betrakteleg. Du kan lese meir om oss her!
Bemanningssenteret har no ledige stillingar ved Haugesund og Stord sjukehus då fleire av våre dyktige medarbeidarar starter i vidareutdanning til hausten.
Vi fungerer som Helse Fonna sitt interne vikarbyrå, og skal dekke opp dag-til-dag-fråvær på avdelingane.
Du starter med opplæring på eit par avdelingar før du etter kvart bygger videre med opplæring på 2-3 avdelingar til.
Vi søker deg som vil trivast med å arbeide ved fleire avdelingar i dei ulike klinikkane, og som liker variasjon. Du må være fleksibel og ikkje være redd for ei utfordring. Om du liker å lære nye ting og bidrar til å dele kunnskap med dine kollegaer, er du perfekt for vårt Bemanningssenter! Hjå hos kan du få brei erfaring frå ulike fagområder.
Om annan stillingsstorleik er meir aktuelt for deg kan du skrive det i søknaden.
I Bemanningssenteret har me årsarbeidsplan, så du veit når du skal arbeide. Me har fleksibilitetstillegg som p.t. er på 33 000 kr i året i 100 % stilling. Dette er for at ein skal kunne være fleksibel og kunne bytte inntil 8 vakter per 12-ukersperiode dersom det er behov for det. På denne måten kan Bemanningssenteret bidra til å hjelpe dei ulike einingane når dei får akutt behov for vikar. Me har også faste fagdagar i turnusen vår.
Høyres dette spannande ut? Ikkje nøl med å søkje, eller ta kontakt med oss dersom du har spørsmål!
Vi gjennomfører intervju og tilsetter fortløpande.
Vi håper nettopp DU søkjer!
Arbeidsoppgåver
Pleie og stell av pasientar
Diverse undersøkingar
Administrative oppgåver
Samhandling med andre instansar
Tverrfagleg samarbeid
Studentansvar
Kvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar
Beherske norsk godt både munnleg og skriftleg
Gode IT-kunnskaper
Kjennskap til DIPS og Meona er ein fordel, men opplæring blir gitt
Erfaring frå arbeid i sjukehus er ønskjeleg, men opplæring blir gitt
Personlege eigenskapar
Fleksibel og god evne til samarbeid
Trivst med å arbeide på ulike avdelingar
Ansvarsbevisst og påliteleg
Positiv og utadvendt
Bidrar til godt arbeidsmiljø
Stor arbeidskapasitet
Opptatt av å halde seg fagleg oppdatert
Vi tilbyr
Fleksibel arbeidsplan
Fleksibilitetstillegg på kr. 33 000.- pr. år i full stilling
Varierte arbeidsdagar
Moglegheit for å byggje brei erfaring og kompetanse på tvers av avdelingar og klinikkar
Moglegheit til å bli kjent og byggje gode realsjonar til kollega på ulike avdelingar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Signe Elisabeth Hetland, Avdelingsleiar, 52732059, signe.elisabeth.hetland@helse-fonna.noBeate Sirnes Lyngstad, Funksjonsleiar, 99201883, beate.sirnes.lyngstad@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4671778973
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 14.08.2023
Søknadsfrist: 18.06.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2355255
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1964fb01494547969f842b7272f478ff