Øyane Helsehamn søkjer fastlegar/ALIS (fastlønn eller næringsdrift)
Bømlo kommune
Svortlandsvegen 119, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fastlegestillingar/ALIS
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 13. mai
Øyane Helsehamn, eit nytt stort legekontor med 11 legar, opna dørane 31.01.25. Her er det ei fin blanding av næringsdrivande og fastlønna legar. Me søkjer no etter to nye fastlegar til Øyane Helsehamn. Dei ledige fastlegelistene er på ca. 850 pasientar med moglegheit for utviding.
Me tilbyr gode vilkår for både næringsdrivande og fastlønna legar uavhengig av om du er spesialist eller i eit ALIS-forløp. Du bestemmer sjølv kva tilsetjingsform du ynskjer. Totalt er det tre legekontor i kommunen og alle er kommunalt drifta. Me nyttar Infodoc journalsystem.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Allmennfaglege oppgåver og oppfølging av fastlegeliste, med krav om å følge fastlegeforskrift og helsepersonellova.
- Kommunal bistilling i inntil 20% av stillinga.
- Arbeid ved Sunnhordland Interkommunale legevakt med omlag 3 vakter pr. månad.
- Forventning om at ikkje-spesialist går gjennom strukturert utdanningsløp for å bli spesialist i allmennmedisin.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B, og disponering av eigen bil.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert særskilt vektlagt i vurderinga. Me ynskjer at du:
- Har gode relasjons- og kommunikasjonsevner og samarbeidar godt med både pasientar og kollegaer.
- Er sjølvstendig og har evne til å arbeide strukturert og vere løysingsorientert.
- Har god arbeidskapasitet, er fleksibel og tilpasningsdyktig i møte med ulike situasjonar og utfordringar.
- Er påliteleg, positiv og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø.
Me tilbyr
- Spanande og varierte arbeidskvardagar i eit miljø med fokus på høg fagleg kvalitet.
- ALIS avtale med tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin.
- Løn og andre vilkår etter avtale.
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysingar
- Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato.
- Ein må oppgje HPR-nr. i søknad.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og eventuelle attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga ta gjerne kontakt med fagansvarleg lege Kristine Borgemyr.
Kontaktinformasjon
Kristine Borgemyr, Fagansvarleg lege, 99380384, kristine.borgemyr@bomlo.kommune.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4949367860
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2921907
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9f70d5bc3a524eb8aa2b91c7f1753572