Tjugen camping i Loen søkjer etter medarbeider for sommarsesongen 2025
Tjugen Camping
Lodalsvegen 198, 6789 Loen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Renholder
Oppstart
20. juni 2025
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Send søknad til
Vi på Tjugen camping søkjer etter ein serviceinnstilt og påliteleg medarbeider til sommersesongen 2025. Vi ønskjer oss ein positiv og effektiv kollega som set pris på reine og ryddige omgjevnader og som trives med å yte god service.
Arbeidet består av reinhald av utleigehytter, sanitæranlegg og fellesareal, samt andre forefallande oppgåver som plenklipping, maling med meir. Du vil få god opplæring.
Stillinga er sesongbasert fra ca 20. juni til 20. august 2025, med høve til ekstra vakter både før og etter perioden. Fulltids stilling med arbeid 5 dagar pr veke, i følge vaktliste. Du må beherske norsk og/eller engelsk og vere minimum 18 år. Vi tilbyr konkurransedyktig løn etter avtale
Send ein kort søknad med CV til camping@tjugen.no innan 15. mars.
Har du spørsmål, ta kontakt med Kristin på tlf +47 90050092.
Vi ser fram til å høyre frå deg :)
#Sommarjobb #SommarjobbNordfjord
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Tjugen camping ligg ved vakre Loelva, ca 2 km frå Loen sentrum. Campingplassen er familiedriven og vi har 6 utleigehytter, samt plass til bobil, campingvogn og telt.
Ein liten og koseleg campingplass med kort veg til dei flotte attraksjonane i Loen: Skåla, Loen Skylift, Via Ferrata og Lovatnet med fleire.
Velkommen til oss!
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2862053
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
b5b09ec7-ce62-44f7-b8fc-a8c9d56cee99