Helsesekretær/ sekretær
Kontor medisin Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlensvei 1, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/ sekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vil du vere med på laget vårt?
Vi har no ledig stilling for helsesekretær/ sekretær. Kontor medisin er ein liten, men effektiv seksjon. Vi yter tenester til forskjellige poliklinikkar, inntakskontor og medisinsk døgneining. Seksjonen har p.t. 16 tilsette fordelt på 13,5 årsverk.
Vi går inn i ei spennande framtid med nytt akuttsjukehus og nytt journalsystem Helseplattformen. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Tilsetting frå snarast, eller etter avtale med seksjonsleiar.
Høyrest dette spennande ut, og du kjenne at dette kan vere noko for deg er du velkomen til å søkje på stillinga hos oss!
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene kan variere, men ordinære oppgåver for en helsesekretær/sekretær hos oss er:
- Ekspedering av pasientar og koding av konsultasjonar
- Direkte pasientkontakt per telefon eller ekspedisjon
- Dokumenthandtering
- Posthandtering
- Makulering og andre forefallende kontorrelaterte oppgåver
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsesekretær er ønskjeleg, men det er ikkje eit krav for denne stillinga
- Fordel, men ikkje eit krav, med kjennskap til systemene Doculive og MyWay2pas
- Ønskjeleg med relevant erfaring
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du trivast i ein aktivt arbeidskvardag
- Du er fagleg engasjert og initiativrik
- Du medvekar til eit godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel, effektiv og ansvarsbevisst
- Du er serviceinnstilt og positiv til pasientar, publikum og kollegaer
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attester og vitnemål lastes opp og vedlegges søknad.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Inger Hargaut, Seksjonsleiar, Inger.Johanne.Hargaut@helse-mr.noArbeidssted
Herman Døhlensvei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4729331597
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2495373
- Sist endret
1. januar 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1f41ca5cafca410aa90c2ed5f9261b65