Vil du arbeide i team?
Alver kommune Heimeteneste
5914 Isdalstø
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - 80 % fast natt
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
2
Vi har ledig to 80 % faste stillingar på natt for deg som er helsefagarbeidar, med arbeid i team. Stillinga inneber jobb i snitt kvar 3. helg.
Du skal saman med teamet jobbe tett opp mot ein brukar som har heildøgnsteneste frå heimetenesta, og som har fast team rundt seg. Saman med det faste teamet arbeidar du for å gje brukaren ein best mogleg kvardag med dei føresetnader hen har.
Om Knarvik Nord AustHeimetenesta avdeling Knarvik Nord Aust har base i Geco-bygget i Knarvik. Vi har brei fagleg samansetjing der sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar arbeidar saman for å løyse stadig aukande og spanande oppgåver. Avdelinga er i vekst med eit stort geografisk område der vi får eit aukande tal brukarar i alle aldrar som treng hjelp. Vi arbeidar tett med dei 6 andre heimetenestene i Alver for å utvikle tenestene til det beste for brukarane.
ArbeidsoppgåverHeimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar mellom anna om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.
Som helsefagarbeidar i team skal du utføre forsvarleg helsehjelp i tråd med fastlagte rutiner. Du arbeidar tett med ein brukar som har behov for døgnkontinuerleg teneste, og skal leggje til rette for at brukaren får ein best mogleg kvardag med sine føresetnader.
KompetanseKrav til kompetanse- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer at du
- er inspirerande og engasjert
- trivst med å arbeide sjølvstendig og som del av team
- har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
- er fleksibel
- ser løysingar framfor problem
- er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
- har erfaring frå team
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskaper og eignaheit. Du må ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon, samstundes som at du kan arbeide sjølvstendig. Du må vere løysningsorientert og trygg i utøving av ditt arbeid opp mot brukar/pårørande og kollega.
Vi tilbyr- Ein aktiv kvardag med mange spanande og varierte utfordringar
- Dyktige kollegaer og høg kompetanse
- Fagleg utvikling
- Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
- Årsturnus
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker duTrykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bli kjent med Alver kommuneLink til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2296997
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3142039_194745_nn