Kontorkonsulent og driftsansvarleg ved Nordsjøfartmuseet
Museum Vest
Nipen, 5380 Telavåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kontorkonsulent og driftsansvarleg ved Nordsjøfartmuseet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Om stillinga
Nordsjøfartmuseet i Telavåg vart opna i 1998. Hovudtema ved museet er Telavågtragedien, Nordsjøfarten 1940-45 og krig-fredproblematikk.
Den illegale Nordsjøfarten var ei livline mellom Noreg og Storbritannia under 2. verdskrigen. I 1942 vart Telavåg åstad for ein av dei verste represaliane i Norge, då Gestapo gjekk til aksjon mot bygda.
Museet har fleire faste og temporære utstillingar, butikk, kafé og film.
Vi søkjer ein person som har stort engasjement for museum, er dyktig på service og administrasjon, og som kan administrere den daglege drifta. Kontoret ved Nordsjøfartmuseet er ope måndag-fredag heile året. Stillinga er fast.
Arbeidsoppgåver
Utadretta verkemd:
Ansvar for kontor og vedlikehald:
- Kontorhald
- Besøksrapportering
- Budsjettering, rekneskap, rapportering og sekretærfunksjon
- Fakturarapportering og fakturainnsending
- Bank- og forsikringskontakt
- Følgje opp vedlikehald av bygg og eigedom
Museumssamlingane:
- Delta i arbeidet med dokumentasjon og bevaring av museumssamlinga
- Ansvar for reinhald og orden i areal med museumssamlingar
Felles for Museum Vest:
- Ansvar for journalføring og arkivering i P360
- Brukarstøtte og opplæring knytt til arkivering og bruk av sakshandsamingssystemet Public 360
Kvalifikasjonskrav og personlege eigenskapar
- Utdanning innan administrative fag i form av fagbrev eller høgare utdanning
- Minimum 2 års relevant erfaring. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Serviceinnstilt, tar initiativ, glad i menneske
- Ansvarsmedviten, ryddig, fleksibel
- Gode samarbeidsevner som skaper trivsel og resultat
- Flytande norsk og engelsk, skriftleg og munnleg. Nynorsk er målforma ved Nordsjøfartmuseet
- Erfaring med journalføring og arkivering i Public 360 eller liknande system
- Gode datakunnskapar er ønskjeleg
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Lønn iht. Landsoverenskomsten for museer og andre kulturinstitusjoner
- Pensjonsavtale i KLP
Spørsmål om stillinga
Ønskjer du meir informasjon om stillinga, ta kontakt med leiar ved Nordsjøfartmuseet,
Jenny Heggvik, tlf. 928 22 504.
Om bedriften
Stiftelsen Museum Vest blei etablert i 2005 som eit resultat av den nasjonale museumsreforma. I dag omfattar museet Norges Fiskerimuseum, Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene, Bergens Sjøfartsmuseum, Kystmuseet i Øygarden, Nordsjøfartmuseet, Herdla Museum og Bjørn West Museet.
Musea har havet og kysten som fellesnemnar. Vår visjon er å vera tett på menneska og livet langs kysten og på havet. Museum Vest hadde i 2024 driftsinntekter på 93 millionar kroner og ca. 130 tilsette fordelt på 68 årsverk. Hovudkontoret ligg i Strusshamn på Askøy.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b55cde9d-4012-42f9-9054-961d0e60ed55
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10259844