Vikariat rådgivar - samfunnstryggleik og beredskap
Statsforvaltaren i Rogaland
Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikariat rådgivar - samfunnstryggleik og beredskap
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 21. januar
Vil du jobbe med samfunnstryggleik og beredskap hos Statsforvaltaren i Rogaland?
Beredskapsstaben hos Statsforvaltaren i Rogaland har i samband med foreldrepermisjon ledig eit vikariat som rådgivar frå 1. mai 2026 til 31. mars 2027. Vi ser etter ein samfunnsengasjert person som vil nytte fagkunnskapen og kompetansen sin til å gjere Rogaland tryggare.
Om stillinga
Statsforvaltaren er eit bindeledd mellom sentrale og lokale styresmakter, og har ei sjølvstendig rolle som pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Rogaland. Vi skal bidra til å styrke regional og kommunal beredskap i samarbeid med andre beredskapsaktørar i fylket, og har ansvar for å samordne sivil krisehandtering på regionalt nivå.
Den tryggleikspolitiske utviklinga, har ført til fleire oppgåver knytt til totalforsvaret og sivilt militært samarbeid. Vi har tett også kontakt med kommunane, nødetatane, Forsvaret, andre statlege verksemder og eigarar av kritisk infrastruktur i Rogaland.
Våre oppgåver er regulert i Instruks for Statsforvalteren og Sysselmesteren på Svalbard sitt arbeid med samfunnssikkerhet, beredskap og krisehåndtering.
Vi er underlagd Lov om nasjonal sikkerhet og har oppgåver som gjeld tryggleiksadministrasjon og rettleiing om lova.
Arbeidsoppgåver
Ein hovudoppgåve er å gi uttale til om samfunnstrykkleik til kommuneplanar, områdeplanar og reguleringsplanar med heimel i plan- og bygningslova. Andre oppgåver du kan ble set til er:
- gi generell rettleiing til kommunane og andre etatar for våre ansvarsområde
- delta i ulike prosjekt for utvikling av totalforsvaret og sivil militært samarbeid
- bidra i Statsforvaltarens samordning av krisehendingar
- delta i arbeidet med revisjon av risiko- og sårbarheitsanalysen på regionalt nivå (FylkesROS)
- evaluere handteringa av regionale krisehendingar
- revisjon av våre interne beredskapsplanar
- gjennomføre krisehandteringsøvingar
- helseberedskapsoppgåver
- tryggleikadministrasjon
- bruke krisestøtteverktøyet Rayvn
Kva av andre oppgåver du vert set til vil være avhengig av din kompetanse, dine interesser og kva vi treng. Det blir gitt nødvendig opplæring.
Kvalifikasjonskrav
Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar som:
- har relevant utdanning på mastergradsnivå innan samfunnstryggleik, statsvitskap, by- og regionalplanlegging eller liknande. Kravet om mastergrad kan kompenserast med utdanning på bachelornivå og relevant erfaring
- har forståing for heilskapen i samfunnstryggleiksarbeidet
- har god formidlingsevne munnleg og skriftleg, på både bokmål og nynorsk
Erfaring frå arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er ein fordel, men nyutdanna blir og oppfordra til å søkje. Det er eit krav at den som blir tilsett kan sikkerheitsklarerast.
Personlege eigenskapar:
- du har gode formidlings- og samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
- du kan arbeide sjølvstendig, ta initiativ, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne
- du er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- lønn som rådgivar kr 620 000 - kr 680 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
- fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
- god pensjonsordning (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna) gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse
- gode høve til fagleg utvikling og til å utvikle fagleg nettverk nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling
- varierte, interessante og viktige oppgåver
- triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger
- HjemJobbHjem-ordning
Det er 5 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren jobbar med mange sider av livet og samfunnet. Derfor meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å sikre ei endå betre oppgåveløysing. Så langt som mogleg legg vi til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, blir minst éin søkjar innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må søkjarane oppfylle visse krav og det må kryssast av i søknaden.
Slik søkjer du
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Vi gjer merksam på at søknaden kun blir vurdert ut frå informasjonen som føreligger ved søknadsfristens utløp. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteriene som er beskrivne i annonsen. Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftmåla på fagområda våre, og skal som ein del av arbeidet vårt formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen.
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling, som er retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statlege verksemder i fylket. Statsforvaltaren har oppgåver innan fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca. 200 tilsette.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b537c410-96f1-489a-b901-5a8228c0a4d7
- Sist endret
7. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10276172
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Statsforvalteren i Rogaland
Sted
Stavanger
Arbeidsgiver
Statsforvalteren i Rogaland
Sted
Stavanger
Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Rogaland
Sted
Stavanger