Barnehagelærar
Valle og Hylestad barnehagar, Valle kommune
Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar
Oppstart
1. august 2023
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2
I Valle og Hylestad barnehagar er vi ein gjeng trivelege tilsette med godt humør som er glad i å jobbe med barn. Jobben vår er å bidra til å gi barn og unge ein god barndom, og kva kan vere meir meiningsfylt enn det? Har du lyst til å jobbe saman med oss, og i tillegg ei utdanning som barnehagelærar? Då bør du gripe denne sjansen til å søkje jobb i Valle og Hylestad barnehagar!
Vi har no følgjande stillingar ledige som barnehagelærar:
1års vikariat barnehagelærar frå 01.08.2023 til 15.08.2024
Vikariat 100% frå 01.08 2023 til 31.12.2023
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre, og dokumentere det pedagogiske arbeidet i barnehagen
- Omsorg for det enkelte barnet og barnegruppa
- Delta i foreldresamarbeid
- Vere ein god rollemodell
- Bidra til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærarutdanning (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved godkjenning frå NOKUT)
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Politiattest av nyare dato må leggjast fram ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du kan arbeide sjølvstendig og målretta
- Du er løysingsorientert, positiv og engasjert
- Du er varm, tydeleg og sensitiv vaksen
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn tilsvarande 10 års ansiennitet ved godkjent barnehagelærarutdanning
- Stillingsbrøk 100%
- Eit spennande fagleg miljø i endring og utvikling
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte vaksne
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper.
- Ei triveleg bygd å bu i
CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregast av mangfald.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Stine Haugeland, Leiar Valle og Hylestad barnehagar, +4798667143, stine.haugeland@valle.kommune.noArbeidssted
Kjellebergsvegen 14747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Valle kommuneReferansenr.: 4633811434
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2023
Sluttdato: 09.08.2024
Søknadsfrist: 27.03.2023
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2279244
- Hentet fra
talentech
- Referanse
74903cc9db6044ac9a1c86dda82e54fd