Fast kvilande nattevakt 80 % (lønnsprosent 54 %)
Grauteknapp omsorgsboliger
Kyrkjevegen 24, 3800 Bø i Telemark, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Hvilende nattevakt - Fast
Oppstart
10. mars 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi på Grauteknapp bufellesskap søkjer engasjerte og positive medarbeidarar. Vi har fokus på gode kvardagar for både tenestemottakarar og tilsette, med vekt på individuell tilrettelegging og brukarmedverknad.
Bufellesskap består av fem omsorgsbustader for personar med utviklingshemming med varierte bistandsbehov, samt ein barnebustad. Bufellesskapet har ei fagleg sterk personalbase og tilbyr døgnbemanna tenester. Stillinga er i turnus med langvakter i helg, og vi har årsturnus, som gir deg moglegheit til å påverke arbeidsplanen din over året. Denne stillinga vil hovudsakleg vere knytt til barnebustaden, men du vil også delta i kvardagen til dei andre brukarane.
Ønskjer du å vere ein del av vårt gode arbeidsmiljø og bidra til utviklinga av avdelinga, vil vi gjerne høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Tilstadeverande gjennom natta
- Følge opp kveldstell, vekking og medikamenthåndtering
- Kommunikasjon med brukar, kollegaer og skule
- Bidra til godt arbeidsmiljø
- Delta på personalmøter/brukarmøter
- Samarbeide med teamet
Kvalifikasjonar
Ønska kompetanse- Autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar eller fagbrev som barne og ungdomsarbeidar
- Treårig høgskuleutdanning innanfor helse- og sosialfag eller pedagogiske fag
- Erfaring med målretta miljøarbeid med barn og unge
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
- Medikamenthåndteringskurs gjennomførast etter oppstart
Personlege eigenskapar
- Rolig og trygg
- Engasjert
- Reflekter
- Fleksibel
- Positiv
- Godt humør
Personlege eigenskapar vektleggast.
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Hilde Midtgarden, Konst. avdelingsleder, +47 91310746Arbeidsstad
Kyrkjevegen 243800 Bø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4913491626
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 10.03.2025
Søknadsfrist: 17.02.2025
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2851124
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ad591284b22747d3b2a243747f1cf3bc