Hopp til innhold

Reinhaldar med fagleg ansvar – 100 % fast stilling ved Muritunet

Arbeidsgiver

Muritunet As Avd Valldal

Sted

Grandegata 58, 6210 Valldal

Om jobben

Muritunet søker reinhaldar med fagleg ansvar til ei sentral rolle i vår organisasjon. Du vil bidra til gode hygieniske forhold og eit trygt miljø for pasientar og tilsette i eit aktivt rehabiliteringsmiljø.

Oppstart
3. august 2026
Stillingstittel
Renholdsleder i bedrifter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 14. juni

Send søknad til

anniken@muritunet.no

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som er fagleg engasjert og har interesse for reinhald som ein viktig del av eit trygt og helsefremjande miljø. Du er strukturert, tar ansvar og trivest med å kombinere praktisk arbeid med oppfølging av andre.

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør er ønskjeleg

  • Søkjarar utan fagbrev blir også vurdert, gjerne med ønske om å ta fagbrev

  • Erfaring frå tilsvarande arbeid blir vektlagt

  • Grunnleggjande digitale ferdigheiter

  • Beherskar norsk både munnleg og skriftleg

Vidare ser vi etter deg som:

  • har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med både kollegaer og leiarar

  • evnar å arbeide sjølvstendig og ta initiativ i kvardagen

  • er strukturert og har god oversikt i ein variert arbeidskvardag

  • trivst i eit miljø med tidvis høgt tempo

  • er løysingsorientert og fleksibel

Arbeidsoppgaver

  • Ivareta dagleg og periodisk reinhald i tråd med gjeldande reinhaldsplanar, med omsyn til pasientar og tilsette

  • Sikre korrekt bruk av reinhaldsmiddel og utstyr, og sørge for at arbeidet held god kvalitet

  • Ansvar for vedlikehald og oppfølging av maskiner og utstyr

  • Ha god kjennskap til EcoOnline og kjemikaliebruk, med fokus på HMS og ytre miljø

  • Ansvar for innkjøp av varer og kontakt med leverandørar

  • Oppdatere og vidareutvikle rutinar, skjema og prosedyrer i kvalitetssystemet

  • Ansvar for opplæring av nytilsette og bidra til fagleg utvikling i avdelinga

  • Kontrollere timelister og fråvær

  • Kontroll og vidareformidling av faktura

  • Delta aktivt i stabsmøter, leiarmøte og personalmøte

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med fagleg ansvar

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer

  • Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving

  • Grundig opplæring og tett samarbeid i kvardagen

  • Stabil arbeidstid og ordna forhold

  • Ei viktig rolle i å skape eit reint, trygt og helsefremmande miljø

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Personalgoder som treningsfasiliteter, tilgang til basseng og personalprisar i kafé

Kontaktperson for stillingen

Ann Kristin Godø Hoel

Reinholdsansvarlig

97181935

ann.hoel@muritunet.no

Om bedriften

Muritunet er eit rehabiliteringssenter lokalisert i naturskjønne Valldal på Sunnmøre. Senteret tilbyr spesialisert medisinsk rehabilitering etter avtale med Helse Midt-Norge, med både døgnavdeling i Valldal og dag- og poliklinisk tilbod i Ålesund.

Muritunet har eit aktivt og tverrfagleg fagmiljø med ulike yrkesgrupper som samarbeider tett for å gi pasientane heilskapleg oppfølging. Verksemda har varierte fasilitetar som treningssenter, basseng, gymsal, fellesareal og eige kjøkken med servering til pasientar og kafédrift.

Som arbeidsplass stiller Muritunet høge krav til kvalitet, hygiene og trivsel, og reinhald er ein viktig del av pasientopplevinga, smittevernarbeidet og det daglege driftsmiljøet.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b4a3f2f0-17f7-46e6-8549-5231847ecd61

Sist endret

27. mai 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

b4a3f2f0-17f7-46e6-8549-5231847ecd61

Lignende annonser

Laster lignende annonser