Vi søker kundekonsulent
Sunnfjord Miljøverk IKS
Elvetorget, 3. etasje, Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Kundekonsulent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Er du god med folk- og glad i finne løysingar?
Ein av våre dyktige medarbeidarar skal ut i foreldrepermisjon, og vi er derfor på jakt etter ein engasjert og løysningsorientert kundekonsulent. Stillinga er eit eittårig vikariat, med moglegheit for forlenging.
Som kundekonsulent hos oss får du ei nøkkelrolle i dialogen med kundane våre. Vi ser etter deg som gir gode og tydelege tilbakemeldingar, men ein venleg tone. Du trivst med å løyse utfordringar og finne svar på det kundane lurer på.
Kvifor velje oss?
Kvar dag jobbar vi for å gjere det enklare for kundane våre å bidra til ei meir berekraftig framtid. Då må kundane få god informasjon om korleis dei skal sortere riktig, når og kor dei skal plassere dunkane sine og kva dei sjølv kan gjere for å ta meir berekraftige val både heime, på hytta og på arbeidsplassen.
Kven er du?
- Du likar å snakke med folk – på telefon, e-post eller ansikt til ansikt.
- Du har glimt i auga, held humøretoppe -også når dagen er travel.
- Du ser moglegheiter, og gir deg ikkje før kunden har fått ei god løysing og eit godt svar.
- Du forstår at god kundedialog handlarom å byggetillit.
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
- Å svare på førespurnadar frå kundar – på telefon, e-post, Facebook eller ansikt til ansikt.
- Sakshandsaming og arkivering
- Oppdatering av nettside (i samarbeid med kommunikasjonsrådgjevar)
- Oppdatering av rutinar og system
- Anna administrativt arbeid ved behov
Vi skal etablere eit heilt nytt kundesenter i SUM, og vil i løpet av hausten ha på plass ein leiar for denne satsinga. Du vil jobbe tett saman med denne personen og to andre kundekonsulentar.
Vi ser etter deg som:
- Kan formulere deg godt – både skriftlegog munnleg
- Har relevant utdanning(t.d. kontorfag, økonomi, administrasjon eller service)
- Er trygg på bruk av digitale verktøy
- Har erfaring frå kundearbeid, sakshandsaming eller liknande roller
- Er strukturert, nøyaktig og god til å prioritere
Hos oss får du:
- Ei variert stilling med mykje kontakt med kundar og kollegaer
- Ein viktig rolle i eit samfunnsnyttig selskap som er i utvikling
- Moglegheit til å bidra til god kundedialog i ei tid med endringar
- Høve til å påverke og forbetre rutinar og arbeidsmåtar
Kontaktperson for stillingen
Lennart Nes Nyhammer
Økonomisjef
+47 91 66 22 73
Om bedriften
Sunnfjord Miljøverk IKS er renovasjonsselskapet til kommunane Sunnfjord, Askvoll, Fjaler og Hyllestad - til saman om lag 29 000 innbyggjarar og 12 500 abonnentar. Vår viktigaste oppgåve er å løyse kommunane sine utfordringar innan avfallshandtering på ein mest mogleg miljø- og kostnadseffektiv måte.
Vi er eit selskap i vekst og har store ambisjonar for framtidas renovasjonstenester i regionen. Les meir om oss på nettsida vår.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b48a1fe3-6627-4948-9773-000da445fe78
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10255629