Lønn under vidareutdanning som ultralydjordmor 2026-2027
Føde- og gynekologisk avdeling Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Jordmor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du bli ein av våre framtidige ultralydjordmødrer?
Føde- og gynekologisk avdeling i Helse Fonna har ein spennande moglegheit for deg som er jordmor og som drøymer om å vidareutdanne deg innan ultralyd. Vi ser etter deg som er nysgjerrig, fagleg engasjert – og som ønskjer å vere med og styrke tilbodet til kvinner i regionen vår.
Vidareutdanninga er eit heiltidsstudium (60 studiepoeng) ved NTNU i Trondheim, med oppstart i januar 2026 og søknadsfrist hausten 2025.
Etter endt utdanning vil du jobbe dagtid på poliklinikken i vekene og ha tredjekvar helg på føde/barsel. Stillinga har to års bindingstid etter fullført utdanning.
Kanskje er dette akkurat det steget du har venta på? Vi gler oss til å høyre frå deg.
Kva går jobben ut på?
- Ultralyd av gravide/ screening i poliklinikk
- Jordmor på føde og barsel eininga i helgene
- Medansvar for vedlikehold/oppgradering av fagsystem
- Medansvar for bestilling av utstyr/varer til avdelingen
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som jordmor
- Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem
- Bør ha minimum 2 års erfaring som jordmor
Kva ser vi etter hos deg? eigenskapar
Hos oss ser vi etter deg som:
- trivst med pasientkontakt og har pasienten i fokus
- jobbar sjølvstendig og tek ansvar for oppgåvene dine
- har eit godt auge for detaljer og jobbar nøyaktig
- kommuniserer tydeleg – både med kollegaer og pasientar
- likar å samarbeide på tvers av fag og yrkesgrupper
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø og bryr deg om kollegaene dine
- trivst i eit aktivt og til tider hektisk arbeidsmiljø
Personelege eigenskapar blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Permisjon med løn frå eigen stilling medan du tek vidareutdanning.
- Støtte til reise og opphald under studiet i Trondheim.
- Bindingstid til føde og gynekologisk avdeling.
- Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Ein arbeidsplass som er IA-bedrift og legg til rette for eit inkluderande og utviklande arbeidsliv.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Sortland, Avdelingsleiar, +47 91801476Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4988367384
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.07.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b4684fd8-83c1-423b-9d90-a85b68060a06
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cfdab8d27f2740be996ad7efabe651a6