Er du glad i å koordinere, samarbeide og skape læring?
Koordinator Lærings- og mestringssengeret - Helse Fonna
Longhammarvegen 36, 5536 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Koordinator
Oppstart
4. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 27. mai
Vi har eit toårig vikariat i 50 % stilling ved Lærings- og meistringssenteret (LMS) for somatikk i Helse Fonna. Her får du vere med på å legge til rette for pasient- og pårørandeopplæring, i tett samarbeid med både fagpersonar og brukarrepresentantar.
Kurstilbod finst ved fleire ulike avdelingar, og er retta mot pasientar med kronisk sjukdom eller nedsett funksjonsevne og deira pårørande. LMS-teamet er består av funksjonsleiar, sekretær og koordinator. Du blir del av ei spennande og innovativ eining med varierte oppgåver som vi løysar. Vi har tett samarbeid med LMS Psykisk helsevern og LM nettverk Helse Vest, noko som gir stor motivasjon og glede i arbeidskvardagen.
Lærings- og meistringssenteret er organisert i medisinsk klinikk og er samlokalisert med habiliteringstenesta i avdeling for habilitering, læring og meistring. For tida er arbeidsplassen lokalisert i Bergsenteret på Raglamyr, noe som betyr gratis parkering rett utanfor døra.
Høyres dette ut som noko for deg? 👉 Då må du søkje no!
Kva går jobben ut på?
Som koordinator vil du blant anna:
- Planleggje og koordinere lærings- og meistringstilbod for pasientar og pårørande.
- Støtte fagavdelingar og kommunar i utvikling og gjennomføring av kurs.
- Vere kontaktperson for brukarmedverkarar og kursleiarar i ulike avdelingar.
- Halde innlegg på LMS kurs etter behov og kompetanse.
- Delta i utvikling og gjenomføring av helsepedagogikktilbod i Helse Fonna.
- Delta i fagnettverk for læring og meistring i Helse Fonna.
- Ha dialog med brukarorganisasjonar og vere med å forme framtidas læringsarena.
- Bidra til å oppdatere nettsider ved behov
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Treårig relevant høgskuleudanning på minimum bachelor-nivå.
- Relevant vidareutdanning (helsepedagogikk) er ønskjeleg.
- Erfaring med undervisning
- God kjennskap til tverrfagleg samarbeid og pasientopplæring
- Førarkort for personbil (helseføretaket har eigne bilar til ambulant verksemd)
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har struktur, gjennomføringsevne og gode samarbeidsevner
- kommuniserer tydeleg – både munnleg og skriftleg – og trivst i ei rolle der du legg til rette for andre
- tilpassar deg ulike oppgåver og endringar på ein god måte
- er ein lagspelar som bidreg til trivsel og godt samarbeid i kvardagen
Personlege eigenskaper blir vektlagt
Kvifor skal du velje oss?
Jo, for hos oss får du:
- Fleksibel arbeidstid som gjer det lettare å få kvardagen til å gå opp
- Eit tverrfagleg fellesskap med engasjerte og støttande kollegaer
- Gode moglegheiter for både fagleg utvikling og personleg vekst
- Ein variert arbeidsdag der du får bruke både hovudet og hjartet
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anne-Kjersti Larsen, Funksjonsleder LMS Somatikk, 91881831, anne.kjersti.larsen@helse-fonna.noKari Anne Brynjelsen, Avdelingsleiar, 90109185, kari.anne.brynjelsen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Longhammarvegen 365536 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4966140494
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 04.08.2025
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 25.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2939674
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c2ffa30a9c934d7c8b0451c19ced5a1c