Hopp til innhold

Miljøarbeidarar til langvakter/vakne nattevakter til barnebustad

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Barn og familie

Sted

Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september

Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst i Kvinnherad kommune. Eininga samlar dei fleste hjelpetenestene for barn, unge og familiar i kommunen, og består av seks avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, familiestøtte, avlastning- og butiltak for barn og unge og tverrsektorielt psykologteam. Eininga held til i Husnes tenestesenter.  

Omtale av stillingane: 

Vil du arbeide i ei eining der du dagleg bidreg til å gje andre menneske eit godt liv, samtidig som du vert tilbydd ein jobb med spanande utviklingsmoglegheiter? Vil du vere med å utvide tilbod om barnebustad i avdeling butiltak for barn og unge? Velkommen til eining Barn og familie i Kvinnherad kommune! 

Vi ser etter deg som har eit brennande engasjement for barn og ungdom. Du som gledar deg over "dei små tinga" og er dyktig til å skape relasjon til barn og ungdom. Vårt nye butiltak vil gje omsorg til barn og ungdom med ulike ressursar, utfordringar og behov. Dette krev at du er fleksibel, open, imøtekommande, nysgjerrig, tillitsbyggjande og omsorgsfull, samtidig som du ikkje er redd for å stå i vanskelege situasjonar. Du må ha stor arbeidskapasitet, og evne til rask omstilling i ein hektisk kvardag. 

Du må vidare vere arbeidsvillig og fagleg engasjert, samt kunne jobbe sjølvstendig og i team. Har du relevant erfaring, der du tidlegare stått i vanskelege og utfordrande situasjonar - og tenkjer at du har noko å bidra miljøterapeutisk? Då bør du søkje! 

Eining Barn og familie har frå 01.01.2027 ledig følgjande stillingar:  

Inntil 4 x 100% faste stillingar i turnus med langvakter.   

2 stillingar på 75% vaken nattevakt og ei 50 % stilling som vaken nattevakt.  

Best mogeleg kjønnsfordeling bli vektlagt ved tilsetting.  

Kvifor burde du arbeide hos oss? 

Vi kan tilby ein meiningsfull og gjevande jobb, der du ser kva din innsats betyr for barn og unge du arbeider med. 

Fagleg og personleg utvikling for våre tilsette er høgt prioritert hos oss. Vi vil legge til rette for kompetanseheving og oppfølging. Fagansvarleg og avdelingsleiar er tett på tilsette og tilgjengeleg for samtale og rettleiing. 

Du vert del av eit sterkt kollegialt miljø, der vi tek vare på- og heiar på kvarandre.   

Arbeidsoppgåver: 

  • Miljøterapeutisk arbeid  

  • Samarbeid med familie og nettverk til barn og unge 

  • Tverrfagleg samarbeid  

  • Rapportering og dokumentasjon av miljøterapeutiske arbeid 

  • Praktisk bistand og omsorg/pleie 

  • Arbeidsoppgåver kan verta endra etter behov. 

I eining barn og familie er vi oppteken av å dele tilgjengelege ressursar på tvers av avdelingane. Ved behov kan ein difor måtte rekne med å ha vakter i andre avdelingar i barn og familie.  

Intervju vil føregå i veke 39. 

Kompetanse: 

  • Vi ynskjer søkjarar med helsefagleg kompetanse og/eller anna relevant erfaring frå arbeid med barn, unge eller personar med særleg behov for tilrettelegging og omsorg. Personleg eignaheit, motivasjon, relasjonskompetanse og evne til å byggje trygge og gode relasjonar vil bli tillagt stor vekt. 

  • Førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar: 

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing 

  • Er imøtekomande og har utprega evne til å skape tillit og gode relasjonar 

  • Har gode samarbeidsevner, god kommunikasjonskompetanse og ansvarsforståing 

  • I stand til å handtere utfordrande åtferd på ein trygg måte 

  • Løysingsorientert 

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert 

  • Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø 

  • God kunnskap i norsk 

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 

  • God datakunnskap 

 Vi tilbyr: 

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø  

  • Varierte arbeidsoppgåver 

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.    

  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.    

  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.    

  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.    

  • Ingen eigedomsskatt pr i dag for hus, hytter og næring.    

  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.    

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 

 

Kontaktperson for stillingen

Randi Pedersen

Einingsleiar

+47 45288088

randi.pedersen@kvinnherad.kommune.no

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b4472a5f-57b9-42ff-9b6f-18e1b0a55707

Sist endret

27. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3654155_226019_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser