Vi søkjer ein dyktig og engasjert bartender til barteamet vårt!
Hotel Union Geiranger
Geirangervegen 100, 6216 Geiranger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Bartender
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk eller norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Baren er ein sentral del av vårt konsept og ein sosial møteplass for gjestane våre -- frå lunsjservering til pre-dinner cocktails og kveldsdrinker. Vi legg stor vekt på kvalitet, unike smaksopplevingar og ekte handverk, noko vi også ønskjer å vidareføre i baren.
No ser vi etter ein ny bartender til teamet vårt!
Bli med oss og ta del i eit team som jobbar i verdas vakraste omgjevnader! Kvalifikasjonar:-
Erfaring frå bar eller restaurant er eit ønske, men ikkje eit krav.
-
Interesse for drikke, smak og vertskapsrolla.
-
Gode kommunikasjonsevner på engelsk.
-
Strukturert, ansvarsbevisst og fleksibel.
-
Servering av drikke i bar og lobbyområde.
-
Lage drinkar, cocktails og kaffidrikkar etter meny og gjestens ynskje.
-
Følgje lover og retningslinjer for alkoholhandtering og trygg servering.
-
Bidra til ein god atmosfære og serviceoppleving for gjestane våre.
-
Ansvar for orden, reinhald og oppfylling i baren.
-
Kassehandtering.
-
Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø.
-
Varierte arbeidsdagar og tett kontakt med både norske og internasjonale gjestar.
-
Gode moglegheiter for utvikling og ansvar
-
Personalbustad etter avtale.
-
Fantastisk natur, unike opplevingar -- og kanskje verdas finaste arbeidsutsikt.
Om bedriften
Hotellet vart opphavleg bygd i 1891 i tradisjonell dragestil/sveitsarstil. Familien Mjelva overtok drifta i 1899 og har gjennom generasjonar utvikla hotellet til det det er i dag -- eit moderne hotell med kurs- og konferanseavdeling, spa, basseng, nattklubb og unike opplevingar for gjestane våre.
Hotellet blir no drive av fjerde generasjon vertskap, Monja og Sindre Mjelva, som vidarefører den sterke Union-atmosfæren med fokus på kvalitet og service.
Sektor
Privat
Nettsted