Kommunalsjef for helse og velferd
Kinn kommune
Gate 1 64, 6700 Måløy, Hans Blomgate, 6900 Florø
Om jobben
Stillingstittel
Kommunalsjef for helse og velferd
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Kinn kommune er ein stor og mangfaldig kystkommune med om lag 17 400 innbyggarar og over 1600 tilsette. Vi har eit breitt og samansett tenestetilbod innan helse og velferd – frå institusjon og heimebasert omsorg til miljøteneste, rus- og psykisk helsearbeid og NAV. Vi står i viktige utviklingsprosessar og søkjer ein kommunalsjef med strategisk blikk, gjennomføringsevne og god evne til samhandling.
Som kommunalsjef for helse og velferd får du det overordna ansvaret for fag, økonomi og personal i eit samfunnskritisk område. Du blir leiar for 16 dedikerte tenesteleiarar og ein rådgjevar/nestleiar, og vil ha ei sentral rolle i å vidareutvikle tenestene våre. Du har ansvar for å sikre at tenestene held høg kvalitet i tråd med måla Kinn kommune har sett – til beste for innbyggjarane i heile kommunen.
Stillinga inneber tett samarbeid med politisk nivå, dei andre kommunalsjefane og kommunedirektøren, og du vil vere ein aktiv del av kommunedirektøren si leiargruppe. Som del av toppleiinga inngår du i eit leiarfellesskap saman med tre andre kommunalsjefar og fem stabsleiarar. Stillinga krev evne til å sjå heilskap og bidra til samhandling på tvers av organisasjonen.
Du må rekne med reiseverksemd og å vere regelmessig til stades i heile kommunen sitt geografiske område. Det er ynskjeleg med snarleg tiltreding.
Ansvarsområde
Som kommunalsjef har du det overordna ansvaret for fag, økonomi og personal innanfor ditt område:
- Fagleg, økonomisk og administrativ leiing av tenesteområdet
- Styring, samordning, utvikling og effektiv drift av tenesteområdet
- Representerer kommunedirektøren i hovudutval og andre politiske møteorgan
- Er kommunedirektørkontakt for alle tenesteleiarane i tenesteområdet
- Utgreiingar og arbeidsoppgåver etter kommunedirektøren si avgjerd.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan helse og sosialfag
- Leiarutdanning
- Lang leiarerfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Utgreiingserfaring
- Erfaring med å arbeide opp mot eit politisk system
- Erfaring med strategisk leiing og dokumenterbare resultat vil bli vektlagd
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar internt, eksternt og mellom sektorar
- Utviklings- og resultatorientert
- Kan legge til rette og leie fleirfagleg arbeid på tvers av ansvarsområde
- Tall- og analytisk forståing
- Gjennomføringsevne
- Lagspelar med fagleg autoritet innanfor ansvarsområdet
- Ser heilskapen i ein kommuneorganisasjon
Vi tilbyr
- Ei spennande og meiningsfull leiarstilling i ein kystkommune med rike kultur- og naturopplevingar
- Ein strategisk nøkkelrolle innan eit fagområde med stor betydning for innbyggarane i Kinn kommune
- Høg grad av tillit og sjølvstende i rolla, med ansvar for sjølvstendige og kompetente tenesteleiarar
- Eit godt fagleg leiarfellesskap og eit utviklingsorientert arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Støtte frå eit solid kommunalt støtteapparat og godt samarbeid på tvers av einingar
- Spennande oppgåver i ein organisasjon i utvikling og omstilling
- Konkurransedyktig løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bedt om å bli unnateke offentlegheit. Kinn kommune vil varsle søkjarar som har bedt om unntak frå offentlegheit, dersom dette ikkje kan imøtekommast (offentlegheitslova §25). Det vil gå fram av den offentlege søkjarlista kor mange søkjarar det er til stillinga og kva for kjønn søkjarane har
Kontaktinformasjon
Øyvind.Bang-Olsen Øyvind.Bang-Olsen, Kommunaldirektør, +47 41530111
Arbeidsstad
Gate 1 64
6700 Måløy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 4980767200
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Øyvind.Bang-Olsen Øyvind.Bang-Olsen
Kommunaldirektør
+47 41530111
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b413756b-92fb-4e71-93d1-1603907ae1c7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5c80525d26f0417d990f03baeddd77bb