Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Herøy kommune, Herøy omsorgssenter seksjon blå

Sted

Sjukeheimsvegen 5C, 6092 Fosnavåg

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ønsker du å bidra til å fremme tryggleik for personar med demens?

Vi har ledig ei fast 80 % stilling som helsefagarbeidar i pleie- og omsorgsavdelinga. Arbeidsstaden er for tida ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå.
Dette er ei kombinasjonsstilling som er delt mellom vårt dagaktivitetssenter og skjerma enhet. Dvs. at 60 % av stillinga er på dagaktivitetssenteret, og 20 % av stillinga er på skjerma enheit, med arbeid kvar 3 helg.

Du vil få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med fokus på å skape tryggheit, trivsel og aktivitet for våre brukere. Stillinga er ledig frå 01.03.2026.
Seksjon blå er ein skjerma seksjon ved Herøy omsorgssenter, som ligg på Eggesbønes. Seksjonen har 16 pasientar. Vi jobbar særskilt med individtilpassa miljøarbeid for å fremje tryggleik hos desse pasientane. Blåtunet dagaktivitetssenter er ein del av seksjon blå ved Herøy omsorgssenter.

Arbeidsoppgåver

  • miljøarbeid for personar med demens
  • pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim
  • utarbeide og følge opp tiltaksplanar
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk
  • samarbeide med anna helsepersonell
  • rettleie og samarbeide med pårørande
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald etter kompetanse for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy, og har gjerne erfaring med Gerica
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting

Personlege eigenskapar

  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
  • tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
  • kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
  • er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
  • møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
  • vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • pensjon og forsikringsordning gjennom KLP
  • elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
  • stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse og omsorg

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Sissel Reite, Seksjonsleiar, +47 99210028

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5C
6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5047671434
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2025

Om bedriften

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

 

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b3eefc8c-27cf-4fbf-b936-9be9178ad033

Sist endret

19. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

05ab1afd9ad841a2944cbb6c04b24393

Lignende annonser

Laster lignende annonser