Helsefagarbeider i heimetenesta
Volda kommune, Heimeteneste
Sevrinhaugen 4, 6102 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider i heimetenesta
Type ansettelse
Fast, deltid 72%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. oktober
Arbeidsoppgåver
Folkestadtun yter tenester til bebuarar i bemanna omsorgsbustader. Her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar saman med engasjerte medarbeidarar. I hovudsak består arbeidsoppgåvene av stell, pleie, medisinutdeling og ulike medisinske prosedyrar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring/kurs og rettleiing, slik at du som tilsett skal vere trygg og kompetent til å yte tenester etter fagprosedyrar som til ei kvar tid innfrir dagens krav. Arbeidsdagane er varierte, og du kjem inn i eit godt arbeidsmiljø med fagleg fokus og god kollegastøtte.Kvalifikasjonar
Autorisasjon som helsefagarbeidarErfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt
Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Kunnskap om IKT - verktøy og elektronisk samhandling
Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
Gode fagkunnskapar, inkludert god observasjonskompetanse, blir vektlagt
Det er krav om tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månadar, før oppstart i arbeid
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Du likar å arbeide med eldreDu trivast med å arbeide sjølvstendig
Du er god til å gjere faglege observasjonar, vurderingar og iverksette tiltak
Du tek initiativ og ansvar
Du har høg arbeidsmoral
Du har godt humør, og samarbeider og medverkar til godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Løn etter tariffSjølvstendig og variert arbeid
Høve til fagleg og personleg utvikling
Internundervisning og fagleg påfyll, tilgang på e-læringskurs frå Visma GLUP
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Ingeborg Mork Håskjold, Seksjonsleiar, 90 06 94 73Elsebeth Melle, Avdelingsleiar, 911 30 521
Arbeidsstad
Sevrinhaugen 46102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5019571811
Stillingsprosent: 72%
Fast
Søknadsfrist: 07.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Elsebeth Melle
Avdelingsleiar
911 30 521
Ingeborg Mork Håskjold
Seksjonsleiar
90 06 94 73
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b3d85344-a224-4bad-987d-2408dd9a007b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b43fc2d2bade43238e74ab9ccbcdc8ff