Grantun bufellesskap har ledig 100% vikariat i perioden 05.01.26 – 04.10.26 med moglegheit for forlenging
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
- Stillingstittel
- 100% vikariat som vernepleiar/sjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Grantun bufellesskap i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med psykiske lidingar, og ligg nokre minutt i frå Os sentrum. Bufellesskapet gjev i hovudsak tenester til tenestmottakarar over 18 år og har 12 bebuarar med varierande bistandsbehov.
ArbeidsoppgåverVi jobbar etter recovery-tilnærminga som handlar om å bidra til ein personleg prosess der den enkelte får hjelp til å øve opp evne til å finne eigne meistringsstrategiar for å skape ein meiningsfull kvardag. Ved å jobbe med dette vil ein skape styrke til å meistre å leve eit godt liv med sine psykiske utfordringar. Den kommunale tenesta har til hensikt å bidra til å stabilisera den psykiske helsa hos bebuar og støtte vedkommande til å bli i betre stand til å gjennomføra daglege gjeremål, og handtera utfordringar på ein sjølvstendig måte.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike mål og tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Det vil kunne ligge eit koordinator-ansvar til stillinga.
Stillinga er i turnus, med arbeid kvar 3. helg ordinære vakter, eller kvar 4. helg langvakter.
Kvalifikasjonar- Vi søkjer deg som har autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar.
- Det er fortrinnsvis ønskjeleg med erfaring i frå psykisk helsearbeid og miljøterapi knytt til personar med psykisk uhelse, men andre utdanningar eller kompetanse vil også kunne vere relevant.
- Du er bevisst dine haldningar.
- Du prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
- Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
- Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr:- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b3b9c028-b3b9-4087-91cb-7c2786fbf8a4
- Sist endret
11. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3570001_195947_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os