Hopp til innhold

Anestesisjukepleiar dagtid vikariat 100%

Arbeidsgiver

Kysthospitalet i Hagevik (KiH), Helse Bergen HF

Sted

Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Anestesisjukepleiar dagtid vikariat 1 år 100%.
Oppstart
9. februar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Kysthospitalet i Hagevik (KiH) er eit elektivt ortopedisk sjukehus i Ortopedisk klinikk, Helse Bergen, og ligg i Os i Bjørnafjorden kommune. Kysthospitalet er eit spesialsjukehus som i hovudsak driv med protesekirurgi i hofte og kne, samt ryggkirurgi og noko dagkirurgi.

Vi har dagarbeid med fri kveld, helg og høgtider.

Operasjonseininga har fire fine operasjonsstover som alle har dagslys.

Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar er du velkomen til oss.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i preoperativ vurdering, og gje anestesi til elektive ortopediske pasientar
  • Gje god omsorg for pasient i det perioperative forløp
  • Samarbeide med andre profesjonar og avdelingar
  • Arbeid i tverrfaglege team
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
  • Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i anestesisjukepleie
  • Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vi vil ha deg som;

  •  bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  •  har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  •  er punktleg og påliteleg
  •  kan  arbeide godt både sjølvstendig og i team
  •  har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  •  trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  •  er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp

Vi tilbyr

  • Ein spennande og variert jobb
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling i ein god og engasjert avdeling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Rune Bruarøy Øverli, Seksjonsleiar, 93681025

Arbeidsstad

Hagaviksbakken 25
5217 Hagavik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5046520238
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 09.02.2026
Sluttdato: 24.01.2027
Søknadsfrist: 10.12.2025

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b3ab6acf-94b6-45b5-b6c0-b2188191ffa2

Sist endret

11. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

5bb10e2cadd74da0b92dda00034a26f3

Lignende annonser

Laster lignende annonser