Beredskapsplanleggjar
Felles eining for operativ tjeneste - Seksjon for operative fag, øving, beredskapsplanlegging, Møre og Romsdal politidistrikt
Storgata 43, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Beredskapsplanleggjar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi har ledig ei fast stilling som beredskapsplanleggjar, politioverbetjent SKO 0287, ved vår felles eining for operative tjenester (FOT) i Møre og Romsdal politidistrikt.
FOT er leiing- og koordineringsssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i politidistriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar.
FOT består totalt av seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Politidistriktet har to beredskapsplanleggjarar og blant desse ein fagleiar. Aktuell stilling er stedsplassert i Kristiansund, men mulighet for noe tilpassede ordninger i perioder etter avtale med fagansvarlig og seksjonsleder.
Arbeidsoppgåver
- Delansvar for å utvikle og halde ved like planverket til politidistriktet (PBS III)
- Delansvar i arbeidet med utarbeiding og kvalitetssikring av operasjonsordrar knytt til planlagde aksjonar/operasjonar
- Aktivt søkje samarbeid med relevante samvirkeaktørar og harmonisere planverk med desse
I samarbeid med fagleiar:
- Harmonisere planverk med relevante samvirkeaktørar
- Planleggje, gjennomføre og evaluere beredskapsøvingar
- Planleggje trening og øvingar for operativ stab
- Planleggje, setje i verk og evaluere arbeid med risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) innanfor beredskapsfeltet til politidistriktet
- Planleggje, koordinere og kvalitetssikre spesielle, førehandsvarsla politioperasjonar, som statsbesøk, offisielle besøk, trussel utsette statsrådar og andre styresmaktspersonar, tryggleik ved store arrangement og skjerpa grensevakthald
- Gjennomføre pålagde øvingar på regionalt og nasjonalt nivå
- Delta i lokale og regionale tryggleiks- og beredskapsforum
- Rapportere status på lokalt planverk i samsvar med sentrale føringar
- Bidra til å ta vare på god tryggingskultur i politidistriktet
Kvalifikasjonar
Nødvendig- Fullført og bestått Politi(høg)skule
- Brei erfaring frå politiet sine gjeremål
- Må ha god kunnskap om nasjonal kriseberedskap og krisehandtering. Under dette politiet si rolle
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
- Svært god kjennskap til politiet sine operative styringssystem
- Kandidatar må kunne klarerast for HEMMELEG, jf. tryggingslova
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i samband med skikkaheitsvurdering, jf. politiloven § 18 og og politiregisterloven § 41.
- Studie PHS beredskapsplanlegging
- Aktuelle utdanningsretningar kan også vere samfunnstryggleik og beredskap, risiko, krisehandtering eller tilsvarande
- Erfaring frå øving og beredskapsarbeid
Personlege eigenskapar
- Evne til å rettleie, byggje relasjonar og samarbeide både internt og eksternt
- Evne til raskt å setje seg inn i problemstillingar og utvikle avgjerdsgrunnlag
- Stor grad av gjennomføringsevne
- Sjølvstendig, strukturert og nøyaktig
- Heilskapsorientert
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
- Fast stilling som politioverbetjent 0287 i Møre og Romsdal politidistrikt
- Lønn frå kroner frå kr. 615 000,-
- Endeleg plassering av lønn er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet
- Godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det trekkast to prosent av lønna til SPK.
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste.
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Leif Einar Bergem-Ohr, Seksjonsleiar, 92455818Kenneth Sætre, Leiar for Felles eining for operativ teneste, 45227006
Arbeidssted
Storgata 436508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4711056178
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 11.10.2023
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2446874
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2956ad27bd1b45f29f527b997836e2b0