Reinhaldskoordinator 100 % fast stilling
Hjelmeland kommune Renhold
Vågavegen 115, 4130 Hjelmeland
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Likar du å jobbe med utvikling, planlegging og prosessar? Er du nøye og opptatt av god kvalitet? Me har ledig stilling som reinhaldskoordinator i 100 %, kor 50 % av stillinga er som koordinator og 50 % som reinhaldar.
Me søkjer deg som er fleksibel og løysingsorientert, og som trivast med varierte arbeidsoppgåver. Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig og i team. Personlege eigenskapar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø vil bli vektlagt ved tilsetting.
Kommunen er i omstilling, og endringsleiing vil vera ein viktig del av arbeidsoppgåvene.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- koordinere reinhaldsressursane i kommunen
- kontrollere at kvaliteten av reinhaldet følger standard for reinhald (NS-INSTA 800)
- personaloppfølging av reinhaldsressursane i kommunen
- oversikt og innkjøp av materiell til reinhald
- rapportering til leiar av bygg og anlegg
- generelt reinhald av kommunale bygg
Kvalifikasjonar og vilkår
- fagbrev som reinhaldsoperatør er ønskeleg, men ikkje eit krav
- gode kommunikasjonsevner
- erfaring innan leiing og drift
- relasjonsbyggar
- nivå A1 for norsk skriftleg og nivå B1 for norsk munnleg
- førarkort klasse B
- ikkje fast oppmøteplass
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- bedriftskunstforening
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette. Sjå kommunens heimesidefor meir informasjon. Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2849399
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3457567_241051_nn