Lærarar Helse og Oppvekst
Avd. BA/HO/HDP, Knarvik vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Juvikstølen 9, 5916 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærarar Helse og Oppvekst
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 12. august
Knarvik vidaregåande skule har ledig inntil 300% faste stillingar innan Helse og oppvekst.
Knarvik vidaregåande skule ligg sentralt plassert i regionsenteret i Nordhordland. Skulen har 850 elevar, 170 tilsette og ligg 25 min frå Bergen sentrum med hurtigbåt, og er lett tilgjengeleg med direkte ekspressbussar.
Du får ei viktig rolle i utviklinga av skulen, i lag med dei andre lærarane. Vår visjon er læring og vekst for alle. Utviklingsplanen vår har tre hovudområder dette skuleåret; vurdering intregrert i opplæringa, trygt og godt skulemiljø og kunstig intelligens.
Skulen tilbyr utdanningsprogram for studiespesialisering samt påbygg. Innan yrkesfag tilbyr skulen fem utdanningsprogram i tett samarbeid med næringslivet. Innan fire av desse har vi 4-årig TAF utdanning. Innan tre av områda har vi tilrettelagt opplæringsløp.
Frå 01.08.22 har skulen ledig inntil 300 % stilling innan Helse og Oppvekstfag.
Arbeidsoppgåver
Undervising og oppfølging av elevar.
Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane.
Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
Kvalifikasjonar
Undervisningskompetanse i helse- og oppvekstfag, f. eks yrkesfaglærar, eller
helsefagarbeidar/sjukepleiar/vernepleiar med PPU.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
God digital kompetanse.
Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
Personlege eigenskapar
Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
Du er ein trygg og tydeleg leiar i klasserommet.
Du er god på relasjonsbygging.
Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald.
Du har god pedagogisk forståing.
Du er engasjert og positiv, og legg til rette for variert undervisning.
Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Vi tilbyr
God samarbeidskultur
Eit aktivt og stimulerande og utviklingsorientert fagmiljø.
Gode høve til eiga læring og utvikling.
Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Tore Michal Helland, Avdelingsleiar HO/BA, 92214405Ulrik Schütz, Rektor , 90604879, ulrik.schutz@vlfk.no
Arbeidsstad
Juvikstølen 95916 Knarvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4997308687
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Tore Michal Helland
Avdelingsleiar HO/BA
92214405
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b374bfd7-def7-4ab3-8c2e-289f34f7a558
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f312f78cc1a14cb9a9b2efaaa9f51f33