Hopp til innhold

Barne- og ungdomsarbeidar 100% fast stilling Skodje barnehage

Arbeidsgiver

Ålesund kommune, Barnehagar Ålesund indre og nordre

Sted

Stadionvegen 19, 6260 Skodje

Om jobben

Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Skodje barnehage søker Barne- og ungdomsarbeidar i 100% fast stilling f.o.m. 01.08.26. 

 


Arbeidsoppgåver

  • Stilling som fagarbeidar inneber arbeid med barn i alderen 0-6 år, jmfr Barnehageloven og Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver
  • Fagarbeider arbeider i team med pedagogar og andre fagarbeidarar
  • Vi leiter etter deg som kan jobbe i tråd med forventningane under:
  • Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn.
  • Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
  • Bidra til at det enkelte barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe.
  • Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, innanfor dei rammene ein har blitt einige om.
  • Delta aktivt i barnehagens endrings- og utviklingsarbeid.
  • Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev Barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Godkjent politiattest
  • Gode norskkunnskapar  jfr krav i Barnehageloven
  • Gode IKT-kunnskaper til dagleg bruk i prosjektarbeid og dokumentasjon

Personlege eigenskapar

  • Vi søker ein  medarbeidar som har evne til å:
  • vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring
  • arbeide sjølvstendig i det daglege arbeidet i kvardagen
  • vere ein pådrivar både i det praktiske og faglege arbeidet
  • helde deg oppdatert på det som skjer på arbeidsplassen
  • vere bidragsyter på personalmøter og planelggingsdagar, og ønske personleg utvikling
  • reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
  • syne handlekraft, organiserer og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
  • sette deg personelege mål og vere synleg i gruppa
  • samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartar
  • vere ein inkluderande medarbeider og bidra til godt arbeidsmiljø
  • kan arbeide etter Ålesund kommune sine kjerneverdiar: Open, Engasjert og Modig. 
     
  • Personlege egenskaper vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader.
  • Løn etter gjeldande tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte og positive medarbeidarar

Kontaktinformasjon

Janne Aamelfot, Verksemdsleiar, +47 958 75 569

Arbeidsstad

Stadionvegen 19
6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5128733323
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Janne Aamelfot

Verksemdsleiar

+47 958 75 569

Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b3715949-fbd6-4807-8d72-e4b31b8b15a3

Sist endret

18. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

19b9247046b342f9b98ddf7a923c0bc1

Lignende annonser

Laster lignende annonser