Kulturskulelærar
Avdeling for kulturtenester, Nissedal kommune
Solås 2, 3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kulturskulelærar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 1. juli
Nissedal kulturskule er ein liten, men populær kulturskule med fokus på speleglede, kreativitet og meistring. Me har undervisning i Fleirbrukshuset i Treungen, og ved behov også andre stader i kommunen.
Frå skuleåret 2025–2026 har vi ledige to faste deltidsstillingar:
- 30 % pianolærar
- 20 % lærar i kunstfag, dans eller kulturskuletimen
Stillingane kan kombinerast dersom du har relevant utdanning eller realkompetanse.
Arbeidsoppgåver
Pianolærar (30 %):- Undervise elevar frå småtrinn til ungdomsskule
- Tilpasse undervisninga til elevane sitt nivå
- Skape glede og meistring hjå elevane
- Vere med på å arrangere og gjennomføre konsertar og arrangement
Kunstfag/dans/kulturskuletimen (20 %):
- Undervise grupper i eitt av faga
- Skape glede og meistring hjå elevane
- Bygge opp eit nytt fagtilbod i kulturskulen
- Vere med på konsertar og arrangement
Denne stillinga er ny, og difor lyser vi ut breitt i fag vi i dag ikkje har fast i kulturskulen. Vi ynskjer oss eit av desse faga til kulturskulens elevar. Skriv i søknaden kva fag du vil undervise i.
Kvalifikasjonar
Pianolærar:- Utdanning som utøvande musikar eller lærar med høgskule/universitet på piano
- Pedagogisk utdanning eller erfaring med å rettleie born vert vektlagt
- Fleksibilitet og stabilitet på jobb vil bli vektlagt
- Utdanning som utøvande dansar eller kunstnar med utdanning frå høgskule/universitet
- Lærarutdanning innanfor eit av desse faga; kunstfag, dans eller kroppsøving, eller relevant erfaring
- Pedagogisk utdanning eller erfaring med å rettleie born vert vektlagt
- Fleksibilitet og stabilitet på jobb vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Har høgt fagleg nivå og god formidlingsevne
- Er kreativ, fleksibel og samarbeidsvillig
- Har god kontakt med born og unge
- Er punktleg, stabil og pliktoppfølgande
- Kan jobbe på ettermiddag/kveld
Vi tilbyr
- Eit kreativt og inkluderande arbeidsmiljø
- Motiverte elevar og gode kollegaer
- Gode arbeidsforhold og fleksibel arbeidstid
- Løn etter gjeldande tariff og avtalar
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
Kontaktinformasjon
Anne Margrethe Espelid, Kultursjef, 92035373, anne.espelid@nissedal.kommune.noArbeidsstad
Solås 23855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4983825700
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 01.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b35976d7-39ec-4ab5-8fd1-71df73f33bb1
- Hentet fra
talentech
- Referanse
452ea84f03da431792cc335f277456f8