Sjukepleiar
Interkommunale helsetenester, Stad kommune
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar ved Interkommunale helsetenester
Type ansettelse
Fast, deltid 84%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Interkommunale helsetenester er akuttberedskapen i Nordfjord og har et vidt spekter av oppgåver og utfordringar som skal løysast.
Stad kommune er vertskommune for interkommunale helsetenester. Eininga omfattar legevakt, legevaktformidling og øyeblikkelig hjelp døgneining. Tenesta dekkjer kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn (tidlegare Vågsøy kommune).
Vi er ein spennande arbeidsplass der ein kvar dag "kjenner pulsen på Nordfjord"- litt action, godt arbeidsmiljø og ein får utfordre seg sjølv. Her må ein være løysingsorientert og kunne stole på eigne vurderingar. Vi har ein arbeidskvardag med stor variasjon, faglege utfordringar og tett tverrfagleg samarbeid. Hos oss er du ein del av eit engasjert team med lege og sjukepleiarar i tett samarbeid med ambulansetenesta.
Jobben som sjukepleiar ved IKHT er svært variert, og ingen vakter er like. Sjukepleiar byter på å jobbe med legevaktformidling, gje råd og rettleiing på telefon, stell og pleie til pasient ved ØHD, og pasientbehandling ved legevakta, utrykking med legevaktsbil.
Interkommunale helsetenester har ledig:
84 % fast stilling inkludert 12 % frie timar
Stillinga har tredelt turnus, og arbeid to av sju helgar med langvakter.
*Stad kommune ynskjer å tilby 100 % sjukepleiarstilling. Då vert den resterande stillingsprosenten i ei anna eining der vi treng sjukepleiarar. Turnusen vert samordna mellom einingane for å få best mogleg tilpasning for arbeid og fritid.Er du på søken etter ei stilling med faglege utfordringar, allsidig arbeidskvardag og personlig utvikling? Då er dette stillinga for deg!
Arbeidsoppgåver
- Svare legevakttelefonen, hastegradsvurdering og prioritering av pasientar, rådgjeving til pasientar og helsepersonell
- Tilrettelegge og assistere ved skader, traume og akutt sjukdom
- Medikamenthandtering
- Observasjon, pleie og behandling av pasient
- Samhandle med helseforetak og andre kommunale teneste for koordinering av helsehjelp for innbyggjarane
- Fagleg oppdatering og øving ved ledig tid
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar med interesse for akuttmedisin
- Fordel med erfaring frå akuttmedisin
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- God munnleg framstillingsevne på engelsk
- Førarkort kl B for utrykning av legevaktbil saman med lege. Moglegheit for å ta "utrykningslappen".
Personlege eigenskapar
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserer godt i akutte og krevjande pasientsituasjonar
- Du er fleksibel, serviceinnstilt og imøtekomande
- Du trivast i ein uforutsigbar og hektisk kvardag med høg aktivitet
- Du har medansvar for eit godt arbeidsmiljø
- Du er ryddig og held orden rundt seg
Vi tilbyr
- God opplæring og oppfølging
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Øving i akuttmedisin
- Godt fagleg arbeidsmiljø med høg trivsel
- Tredelt turnus med langvakter helg. Tilrettelagt for kvile på langvakter.
- Sjukepleiarar i turnus gis eit rekrutteringstillegg på kr. 30.000 over garantiløna etter hovudtariffavtalen kap. 4.
- Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studier/vidareutdanningar
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referanser av nyare dato.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Kontaktinformasjon
Terje Andre Drage, avdelingsleiar Interkommunale helsetenester, 92022233, Terje.Andre.Drage@stad.kommune.noGrete Aud Totland, einingsleiar Interkommunale helsetenester, +47 95819005, grete.aud.totland@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4990162149
Stillingsprosent: 84%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Grete Aud Totland
einingsleiar Interkommunale helsetenester
+47 95819005
Terje Andre Drage
avdelingsleiar Interkommunale helsetenester
92022233
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b3474058-f242-4fa7-b4bf-ef36bfd1c466
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5752115938154790b84780f767da0ce5