Vil du arbeide med å ta vare på vatnet vårt - gjevande rådgjevarstilling innan vatn og miljø
NPI - Naturressursar, landbruk og reiseliv, Vestland fylkeskommune
Askedalen 22, 6863 Leikanger, Vabakkjen 6, 5411 Stord, Lars Hilles gate 12, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Vil du arbeide med å ta vare på vatnet vårt - gjevande fagstilling innan vatn og miljø
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 17. desember
Vestland fylkeskommune har ein omfemnande innsats for å ta vare på vatnet vårt og dei som skal leve i vatnet. Dette arbeidet gjer vi i nært samarbeid med kommunar og statlege etatar.
Fylkeskommunen er vassregionstyresmakt for Vestland vassregion og har ansvar for å koordinere arbeidet etter vassforskrifta. Målet for arbeidet er å verne om vassførekomstane våre og sikre berekraftig bruk av vatnet. Vassforvaltningsplanen for Vestland er ein heilskapleg plan for vassmiljøet og vassforvaltninga i Vestland. Iverksetjinga av planen skal gje betre miljøtilstand i vassdrag, kystvatn og grunnvatn. Vestland vassregion er pr no delt opp i 9 vassområde, som vert 6 vassområde frå 2028.
Vestland fylkeskommune har ledig ei fast stilling innan vassforvaltning, med gjevande oppgåver der fellesnemnarer er å ta vare på vatnet vårt og dei som lever der.
Vi er på søk etter ein drivande og samfunnsinteressert medarbeidar som har kunnskap og interesse for vassforvaltning. Kontorstaden er Leikanger eller Bergen, med ev opning for Stord som kontorplass for særskilt interessanne kandidatar. Du vil finne mange gode kollegaer både internt i vår seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv, og mange gode samarbeidspartnarar i kommunane og hos dei statlege etatane.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak femne om følgjande:
Bidra til å gjennomføre og å oppdatere vassforvaltningsplanen for Vestland med tilhøyrande program:
- Oppdatere planen
- Oppfølging av planen gjennom tiltak/aktivitetar
- Legge til rette for gode samarbeidsløysingar, prosjekt for m.a. samråding og medverknad frå ulike aktørar på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå
- Arrangere møte, samlingar for kompetansepåfyll, seminar, synfaringar
- Kunnskapsformidling
- Arbeid med datagrunnlaget i databasen Vann-nett
Arbeid knytt til vassområda:
- Støtte vassområdekoordinatorane i deira arbeid med rettleiing og oppfølging
- Koordinere innsats på tvers av vassområda, samhandlingsprosjekt - t.d. organisere overvaking av vassdrag, kyst og grunnvatn
- Rettleiing vassmiljø i planer, med vekt på kommunale planer+
Arbeid knytt til vassområdekoordinatorfunksjonen, og ved behov fungere som ein vassområdekoordinator for eit vassområde
- Saksbehandling og rådgjeving innan vassmiljø og innlandsfisk, m.a.
- Saksbehandling innan forskrift for fysiske tiltak i vassdrag, innlandsfisk m.v.
- Innspel til kommunale planar
- Anna saksbehandling, utgreiing og rådgjeving,
Arbeidet inneber nær kontakt med andre medarbeidarar i fylkeskommunen, og mykje utadretta kontakt med kommunar, Statsforvaltaren og andre statlege etatar, lag og organisasjonar. Det er noko reiseverksemd i samband med stillinga.
Kvalifikasjonar
Kvalifikasjonskrav:
- Naturvitskapeleg utdanning (helst innan biologi eller naturforvaltning)
Utdanning på masternivå. Innplassering blir som rådgjevar/seniorrådgjevar. Kravet til utdanning kan fråvikast for søkjarar som har særs god og relevant praksis, og dette vil då påvirke den formelle innplasseringa. - Erfaring med arbeid innan vassforvaltning og/eller miljøretta arbeid hos offentleg etat, konsulentverksemd eller liknande.
Vi vektlegg elles:
- Plankompetanse, gjerne i kombinasjon med prosesskompetanse og prosjektleiing
- Kjennskap til og erfaring frå offentleg forvaltning, gjerne frå kommunesektoren
- Erfaring frå arbeid i eit vassområde eller ein vassregion
- God kunnskap om vassforskrifta og plan- og bygningslova
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon både internt og ut mot kommunar og samarbeidspartnarar
- Driv og evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk, og at du er løysingsorientert
- Stort engasjement for fagområdet og evne til å tenke heilskapleg
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg at du:
- har gode samarbeidsevner og positiv innstilling
- har evne til å ta initiativ og ansvar
- kan arbeide strukturert og sjølvstendig
- er nytenkande og løysingsorientert
- har gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
- kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Vi har gode kontorlokale både på Vestlandshuset i Bergen og på fylkeshuset i Leikanger. Og for særskilt interessanne kandidatar kan vi ev opne for kontorplass på Stord.
Kontaktinformasjon
Merete Farstad, Fagkoordinator vassforvaltning, 97742381, merete.farstad@vlfk.noEndre Høgalmen, Seksjonsleiar naturressursar, landbruk og reiseliv, 95207789, endre.hogalmen@vlfk.no
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 125008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5209949896
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.12.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b3470e0f-8c68-4350-9bb1-87815ea39310
- Sist endret
23. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4f2a119b0c8f48a5bf733e14b20197c5