Ringevikar ved Skare barnehage
Ullensvang kommune Skare barnehage
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 28. juni
Skare barnehage er ein 2- avdelings barnehage som ligg i Skare, midt i mellom Odda og Røldal. I 2020 flytta vi inn i nye moderne lokaler, som er laga for to avdelingar. Lokala byr på mange kjekke rom og løysingar, og som gir barna og dei ansatte mange moglegheiter. Skare barnehage har også eit stort og flott uteområde, samt eit nærmiljø som har mykje å by på.
Dei siste åra har barnehagen arbeidd med å skapa eit inkluderande barnehagemiljø der alle barn har det trygt og godt og opplever å vera verdifulle i fellesskapet, blant anna gjennom barnehagens satsingsområde “Ein inkluderande leik”. Saman med BTI (betre tverrfagleg innsats) vil dette vere fokusområdet vårt dei neste åra og. Barnehagen nyttar også “E d greitt?” aktivt i barnehagekverdagen, og har fokus på barnets beste gjennom heile året.
barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet med barna.
å medverka til eit godt arbeidsmiljø
å leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.
å tenka barnets beste
Ynskte kvalifikasjonar:
Relevant kompetanse som barnehagelærar, barne- og ungdomsarbeidar eller
erfaring med arbeid med barn er ynskjeleg, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar:
Vera der barna er og skapa gode relasjonar
Fleksibel og kreativ
Godt humør og positiv innstilling
Vi tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Krav:
Ved tiltreding må gyldig politiattest og tuberkulinstatus leggjast fram, jf. lov om barnehage.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2938105
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3501423_193973_nn