Undervisningsstilling innanfor Helse- og oppvekstfag - 50% vikariat
Måløy vidaregåande skule - Vestland fylkeskommune
Nordfjordvegen 9109, 6718 Deknepollen
Om jobben
- Stillingstittel
- Undervisningsstilling innanfor Helse- og oppvekstfag - 50% vikariat
- Oppstart
- 2. mars 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 50%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 20. november
Skulen tilbyr desse utdanningsprogramma: Naturbruk, Maritime fag, Bygg- og anleggsteknikk, Teknologi- og industrifag, Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag, Helsefagarbeidar, Restaurant- og matfag, YSK (yrkes- og studiekompetanse) innan Helse, Akva og TIF.
I tillegg er Sikkeheitssenteret i Måløy (SIM) med sine kurstilbod organisert som eiga avdeling under Måløy vgs.
Arbeidsoppgåver
Vikariatet vil vere knytt opp mot undervisning og oppfølging av elevar. Noko av undervisninga kan bli knytt til tilrettelegging for einskildelevar.
- Stillinga vil i hovudsak innebere undervisning i programfag innan VG1 helse- og oppvekst.
- Stillinga kan fyllast opp til 100% vikariat for søkjarar med kompetanse innan andre fagområde (fellesfag).
Kvalifikasjonar
Arbeidserfaring frå helse- og/eller oppvekstsektoren.Undervisningserfaring
Yrkesfaglærarutdanning eller høgskule-/universitetsutdanning innafor aktuelt fagområde.
PPU - Y eller anna godkjend undervisningskompetanse.
Gode didaktiske og pedagogiske ferdigheter.
Erfaring frå bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer oss ein lærar som saman med resten av dei tilsette ved skulen kan vere med å skape eit profesjonsfellesskap som er prega av stoltheit, openheit og tryggleik.
Vi søkjer ein person som:
Er god på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere.
Har eit sterkt elevengasjement og er opptatt av eleven sitt beste.
Kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga, både sjølvstendig og saman med andre.
Er kreativ, inkluderande og løysingsorientert .
Kan bidra aktivt inn i eit kollegiefelleskap som ønskjer å utvikle skulen og kvaliteten på opplæringa.
Vi tilbyr
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver. Måløy vidaregåande skule har nyleg rehabilitert klasserom og verkstader. Skulen har eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap.Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings - og pensjonsordningar.
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida: www.maloy.vgs.no Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førsterett til stillinga. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest.
Kontaktinformasjon
Helen Hjertaas, avdelingsleiar, 41530832, helen.hjertaas@vlfk.noArbeidsstad
Nordfjordvegen 91096718 Deknepollen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5036377766
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 02.03.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 20.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b318d55f-582a-4271-bb40-638505b0b578
- Sist endret
4. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
892f1a8235bb422dbf2f30cbeea3dc94
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Sted
Fiskå, Åheim, Syvde, Åheim, Fiskå
Helsefagarbeidar, Kulatoppen Omsorgssenter
Arbeidsgiver
Kinn kommune
Sted
Deknepollen
Helsefagarbeidere
Arbeidsgiver
Dedicare AS
Sted
Ålesund, Vestland