Trivst du med å arbeide med ungdom og har pedagogisk utdanning? Då har vi stilling til deg!
SOG - SOGNDAL VGS, Vestland fylkeskommune
Lunnamyri 2, 6856 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Trivst du med å arbeide med ungdom og har pedagogisk utdanning? Då har vi stilling til deg!
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
For meir informasjon gå til skulen si heimeside: www.sogndal.vgs.no
Arbeidsoppgåver
Frå januar 2025 og ut skuleåret har vi ledig vikarstilling inntil 100 prosent med undervisning i naturfag og matematikk ut skuleåret. Det er aktuelt med undervisning i alle utdanningsprogramma og i grunnskuleopplæring for fleirspråklege. Stillinga kan delast opp, og stillingsstorleiken er avhengig av kva fagkombinasjonar dei aktuelle søkjarane har. Det kan òg vere behov for ringevikarar i engelsk og spansk.Kvalifikasjonar
- Relevant fagkompetanse, minimum 60 studiepoeng i faget
- Pedagogisk kompetanse
- Undervisningserfaring frå vidaregåande skule
- Kunne bruke digitale verktøy og ha god IKT-forståing
- God kjennskap til bruk av digitale læremiddel
Søkjarar utan formell undervisningskompetanse kan tilsetjast på villkår om å fullføre slik utdanning innan 3 år.
Personlege eigenskapar
- Evne til å motivere og bygge gode relasjonar
- Sjølvstendig, samtidig som du kan samarbeid med andre
- Raus, romsleg og fleksibel
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø
- Nært samarbeid med kollegaer
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
Andre opplysningar
- Den som blir tilsett må legge fram godkjent politiattest, jf opplæringslova § 10-9
- Administrasjonsspråket i fylkeskommunen er nynorsk
- Alle nytilsette har ei prøvetid på seks månader
- Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk
- Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eit eventuelt intervju
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren blir offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Ann Kristin Sperle, avdelingsleiar, 99393873Jorunn Felde, rektor , 95191964
Arbeidsstad
Lunnamyri 26856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4880597929
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 24.11.2024
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2782644
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ca3a4d6c638d4b71b49cded82fd9d167