Vi har ledig stilling for deg med interesse for teknologi og digitalisering i helsetenesta
Statens helsetilsyn
Møllergata 24, 0179 Oslo
Om jobben
Stillingstittel
2023/06 - Faste stillingar for rådgivar/seniorrådgivar - IKT-tilsyn
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
2
Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemda og drive kompetanseoppbygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga.
Vi søker to engasjerte helsepersonell eller teknologar med interesse for og kompetanse innan digitalisering og helseteknologi. Kompetansen til dei som tilsettast vil bli sett i samanheng og det er ønskeleg at dei utfyller kvarandre. Stillingane er for tida plassert i Avdeling for operativt tilsyn.
Digitalisering og helseteknologi spelar ei stadig større rolle i dagens og framtidas helsetenester, og hos oss får du høve til å vere med på å vidareutvikle eit tilsynsområde med stor betydning for folk flest.
Hovudoppgåvene for dei som blir tilsett, er å gjennomføre tilsyn med digitale løysingar innan helse- og omsorgstenesta og vurdere korleis desse påverkar pasientsikkerheit og levering av forsvarleg helseteneste. Du vil vere med på å identifisere styrkar, svakheiter og potensielle risikofaktorar, samt utvikle tilrådingar og tiltak som kan forbetre pasientsikkerheita på nasjonalt nivå.
Arbeidsoppgaver
- Delta i, planlegge, og leie tilsyn med IKT i helse- og omsorgstenesta.
- Samanstille og formidle funn i tilsyn.
- Vurdere behov for, og foreslå nye tilsynsaktiviteter innan IKT.
- Utvikle tilsynsmetodikk, med særleg vekt på tilsyn med digitale løysningar i helse- og omsorgstenestene.
- Skaffe oversikt og systematisere kunnskap om digitale løysningar for å sikre trygge og gode tenester.
- Bidra til å etablere, og ta del i arenaer for samhandling med styringsmaktene om digitale løysningar.
- Delta i dei andre oppgåvene i avdelinga, til dømes handtering av varslar.
Det må påreknas noko reiseverksemd.
Kvalifikasjoner (overskrift)
Nødvendige kvalifikasjonar:
- Helsepersonell med minimum bachelorgrad eller teknologar med kompetanse og erfaring frå helsesektoren
- God forståing av informasjonsflyt og system for informasjonsbehandling i helsesektoren. God forståing av IKT/e-helse må kunne dokumenterast.
- God kjennskap til lover og reglar knytt til personvern og informasjonstryggleik
Dei som tilsettast må ha interesse for teknologi og digitalisering i helsetenesta, og god forståing av brukaranes behov og perspektiv.
Dei som tilsettast må kunne sikkerheitsklarerast på nivå HEMMELEG. Helsepersonell må ha norsk autorisasjon.
For seniorrådgivarnivå krevst det arbeidserfaring frå IKT/e-helse med fokus på kliniske arbeidsprosessar
Ønskte kvalifikasjonar:
- Erfaring med revisjon eller tilsyn
- God forståing av IKT-prosedyrar og standardar, som inkluderer IKT-regulering, best praksis og etisk framferd
- Erfaring med handtering av IKT-problem og evne til å kommunisere komplekse tekniske emne på forståeleg vis
- Erfaring frå ulike delar av offentlege helse- og IKT-tenester
- Forståing for relevante IKT-system og kjennskap til ulike plattformar/løysningar som nyttast i helsesektoren
- Kjennskap til ulike typar samhandlingsløysningar som nyttast i helsetenesta
- Interesse for, og kjennskap til AI
- Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- Gode analytiske evner
- Gode evner til samarbeid og evne til å jobbe tverrfagleg
- Stor arbeidskapasitet og med god evne til framdrift og gjennomføring
- Fleksibel med gode samarbeidsevner
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk, og gode engelskkunnskapar
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi kallar inn fortløpande til intervju.
Vi tilbyr
Lønn for rådgivar kr. 500 000 - 660 000/seniorrådgivar kr. 650 000 - 800 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Vi tilbyr ein dynamisk arbeidsplass der du vil samarbeide med erfarne fagpersonar og vere ein del av eit dedikert team. Du vil få høvet til kontinuerleg fagleg utvikling og kompetansebygging, samt bidra til å forme framtidas tilsynsmetodar og retningslinjer. Dine funn og erfaringar vil bli gjort tilgjengelege for politiske oppdragsgivarar, tenesteleverandørar, helsepersonell, brukarar av tenestene og befolkninga, og dermed påverke utviklinga av helsetenesta i Noreg.
Statens helsetilsyn har sentrale lokale i Oslo med eiga kantine, sykkelgarasje med garderobe, og trimrom som det er høve til å nytte ein time per veke i arbeidstida.
Den statlege arbeidsstokken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Målet er derfor å oppnå ei balansert samansetting når det gjelder alder, kjønn og kulturell bakgrunn, og at det blir lagt til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Statens helsetilsyn er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA). Dersom det er kvalifiserte søkarar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom de har nedsett funksjonsevne, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25.
Kontaktinformasjon
Ingerid H. Nygaard, Avdelingsdirektør, 21 52 99 50 / 99728066, ihn@helsetilsynet.noMorten Venberget, Underdirektør, 21 52 98 58, mov@helsetilsynet.no
Arbeidssted
Møllergata 240179 Oslo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Statens helsetilsynReferansenr.: 4636710688
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.06.2023
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2352253
- Hentet fra
talentech
- Referanse
27adaf1f91ff466fa17ffc2e73745847