Fysioterapi - driftstilskot
Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
Strandgata 26, 6270 Brattvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapi driftstilskot
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. april
Ein av fysioterapeutane ved Brattvåg Fysikalske Institutt AS skal gå av med pensjon, og vi har difor ledig ein 100% driftsavtale snarast. Driftsavtalen skal utøvast i Brattvåg Fysikalske AS sine lokale Vi søkjer etter fysioterapeut med allmenn kompetanse og erfaring frå privat praksis. I tillegg er det ønskeleg med ultralyddiagnostikk kompetanse.
Brattvåg Fysikalske AS har 3 driftsavtaler på 100% kvar. Instituttet har kontormedarbeidar i 87% stilling og ein fysioterapeut som arbeider heilprivat i 50% stilling.
Instituttet driv frå eigne lokale i Brattvåg og leiger lokale på Haramsøy. Avdelinga på Haramsøy er åpen 2-3 dager i veka og tiltredande fysioterapeut går inn i turnusordninga ein nytter for å dekke opp tilbodet. Instituttet har god pasient tilgang, separate behandlingsrom, resepsjon og godt utstyrte treningsrom.
Alle tre fysioterapeutane med driftsavtale har 1/3 eigarandel i AS'et og likt ansvar for drifta av Brattvåg Fysikalske AS.
Fråtredande fysioterapeut vil nytte retten sin til å overdra fysioterapiverksemda si i henhold til ASA 4313 punkt 7.1.
Tiltredande fysioterapeut vil bli tilbydd fråtredande sin 1/3 eigerandel i selskapet/instituttet, og må rekne med ein kostnad i denne samanheng. Det vil også bli krevd oppgjer for goodwill (verdien av opparbeidd praksis).
Tiltredande fysioterapeut forplikter seg til å drive verksemda si i henhold til ei kvar tid gjeldande ASA 4313. Tiltreding og overdragelse vil skje iht ASA 4313.
Det vert forventa at aktuelle kandidatar har sett seg inn i dei driftsmessige forholda ved instituttet før ein takker ja til ledig driftsavtale. Detaljerte opplysninger kan ein få ved å henvende seg til fråtredande fysioterapeut ved Brattvåg Fysikalske AS.
Arbeidsoppgåver
- Behandlingsformene skal være forankra i kunnskapsbasert praksis
- Behandling foregår individuelt og i gruppe
- Deltaking i heimebehandling
- Deltaking i ansvarsgruppemøter ved behov
Kvalifikasjonar
- Norsk offentleg godkjend fysioterapeut
- God kunnskap i norsk språk, skriftleg og muntleg
- Relevant erfaring
- Evne til å prioritere ut i frå kommunens prioriteringsnøkkel
- Kunnskap om styrketrening og tilpasning til riktig nivå, herunder kjennskap til ulike redskaper og hjelpemidler for å oppnå ønsket resultat
- Har fokus på ein aktiv og heilskapleg tilnærming til pasientar
- Faglig oppdatert på relevant kunnskap, gjerne innan aktiv rehabilitering
- Førarkort klasse B og må disponere bil
Fysioterapeuten skal drifte sin praksis i henhold til relevant helselovgivning, og den til enhver tid gjeldende ASA 4313.
Tildeling av avtalehjemmelen vil skje på de vilkårene som fremgår av ASA 4313. Tilfredsstillende politiattest, egenerklæring tuberkulose og taushetserklæring må leveres før oppstart, i henhold til gjeldende regelverk.
Personlege eigenskapar
- Påliteleg
- Samarbeidsvillig
- Strukturert og systematisk
- Løysningsorientert
- Motivasjons- og formidlingsevne
- Sjølvstendig
- Evne til å skape gode relasjonar
Vi tilbyr
- Godt fagmiljø
- Egna lokaler med erfarne terapeutar og kontorressurs på instituttet
- Fin beliggenhet, sentralt i Brattvåg
- Positivt og sosialt miljø
Kontaktinformasjon
Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef, 92243788, frode.boe.hatlelid@haram.kommune.noElly Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, elly.christine.volsdal.slettvoll@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata 266270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4897442428
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 27.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2899489
- Hentet fra
talentech
- Referanse
846b75fba9f44526a67e340e083f861e