Hopp til innhold

Fagarbeidar ved Dovre barneskole - årsvikariat

Arbeidsgiver

Dovre barneskole

Sted

Smiuvegen 4, 2660 Dombås

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Skift, dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest fredag 29. mai

Ved Dovre barneskole er det frå 01.08.26-31.07.27 ledig inntil 140% midlertidig stilling som barne- og ungdomsarbeidar. Stillinga er delt mellom SFO og skole. Som barne- og ungdomsarbeidar vil du vera ein viktig vaksenperson i barna sin kvardag og bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande lærings- og oppvekstmiljø i tett samarbeid med lærarar, SFO-leiar og andre tilsette.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra i det pedagogiske arbeidet på skole og SFO.

  • Støtte enkeltelevar og elevgrupper i lærings- og leikesituasjonar.

  • Delta aktivt i planlegging og gjennomføring av aktivitetar.

  • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt psykososialt miljø.

  • Samarbeid med kollegaer og føresette.

  • Følge opp barn med behov for ekstra støtte over tid, i tråd med planar og rettleiing.


Kompetansekrav

  • Fagbrev som barne og ungdomsarbeidar.

  • Gode dugleikar i norsk, munnleg og skriftleg.


Kompetanseønske

  • Erfaring, og gjerne vidareutdanning, i arbeid med barn med ulike behov for støtte.

  • ·Kunnskap om COS P/traumemedviten omsorg.


Vi vil gjerne ha din søknad dersom du

  • Er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen.

  • Har evne til å arbeide systematisk og sjølvstendig.

  • Er strukturert, fleksibel og løysingsorientert.

  • Har gode samarbeids- og relasjonsevner.

  • Trivst med ein aktiv og variert arbeidskvardag.

  • Har eit positivt barnesyn og evne til å sjå kvart enkelt barn.

Personleg eignaheit blir vektlagt.

Vi tilbyr deg eit spennande og utviklande arbeidsområde, løn etter avtale/tariff og pensjonsordning i KLP. For øvrig gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.

Dovre barneskole (1-7) ligg på Dombås og har neste skoleår omkring 160 elevar. Vår viktigaste satsing er å vera ein skule som utviklar inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Skoleåret 2026/2027 er fokuset på grunnleggjande ferdigheiter. Vi vil ha ekstra fokus på lesing, omgrepslæring og digitale dugleikar. Dovre barneskole har Dovremodellen, som fordrar godt samarbeid om undervisingstimar for alle som jobbar saman på trinna. Skoleåret 2026/2027 arbeider Dovre kommune med implementering av BTI-modellen for betre tverrfagleg innsats.

Nærare opplysningar får du ved å kontakte SFO-leiar Hanne Mette Engen på tlf. 41205536 eller e-post: hanne.mette.engen@dovre.kommune.no, eller rektor Bente Sæther på tlf 48094913 eller e-post bente.saether@dovre.kommune.no.

Kopiar av vitnemål og attestar ber vi om at du tek med til eit eventuelt intervju.

Vi gjer merksam på at namn på søkjar kan bli offentleggjort sjølv om det blir bedt om unntak frå dette, jf. offentleglova §25. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand.

Om bedriften

Dovre kommune er ei fjellbygd med nokre av Noregs mest spektakulære nasjonalparkar innanfor kommunegrensa. Her finn du frisk fjelluft, trivelege folk og store naturopplevingar rett utanfor døra. Sjølv om vi ligg høgt til fjells, er vi sentralt plasserte. Herifrå kan du reise klimasmart med Dovrebanen til både Oslo og Trondheim, og med Raumabanen til Åndalsnes.

Ynskjer du deg eit rikt liv i eit engasjert og trygt lokalsamfunn, vil vi ta godt imot deg.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b2c641e8-6dd2-494b-9279-5fa074904359

Sist endret

15. mai 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

b2c641e8-6dd2-494b-9279-5fa074904359

Lignende annonser

Laster lignende annonser