Sommarjobb i øyriket Solund
Solund kommune Solund kommune
Hardbakke, 6924 Hardbakke, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarvikar i Solund kommune
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 31. mars
Det å tilbringe sommaren ved kysten gjer deg ei kjensle av friheit - det er mange som ynskjer å kome seg ut av dei større tettstadane om sommaren. Kva med å kombinere sommarjobb med det gode liv i øyriket Solund? Her hos oss treng du ikkje stå i kø når du vil ta deg eit bad, her har vi så og sei ein holme til kvar!
Ynskjer du sommarjobb kombinert med ei aktiv og fin fritid? I kommunesenteret Hardbakke kan du låne kajakk, sup, sykkel og anna utstyr til friluftsliv. Det er fine fotturar i nærområdet, og fyrste helga i juli vert årets høgdepunkt for mange, SolundFest arrangert. Solund kommune har ledige sommarvikarstillingar. Arbeidsoppgåver er daglege gjeremål innafor områda nemnde nedanfor. Dersom du er under utdanning innan eit av våre faglege behov, vil det vere ei føremon.
Søkjar må opplyse i søknaden om kva arbeidsstad/arbeidsstadar som er ynskjeleg, gjerne i prioritert rekkefølgje. Søkjar må og opplyse om kva tid/periode det høver å jobbe.
Solund kommune treng:
- Pleiepersonell på institusjon og i heimetenesta.
- Assistentar ved institusjon, kjøken, vaskeri og som heimehjelp
- Helsesekretær/sjukepleiar ved legekontoret
- Assistentar i teknisk drift/vaktmeistertenesta
- Assistentar i barnehagen
- Ferievikar på turistinformasjonen
- Reinhaldarar
Kvalifikasjonar:
- Søkjar må vere motivert til å arbeide, syne interesse for arbeidsoppgåvene og ta del i arbeidsmiljøet
- Det er ynskjeleg at søkjar på turistinformasjonen har litt lokalkunnskap om friluftsliv og turisme i Solund, er serviceinnstilt og kan jobbe sjølvstendig
- Søkjarar som ynskjer å jobbe i helse og omsorg eller i barnehagen må framlegge politiattest og eigenmelding for tuberkulose og MRSA
- Studentar og elevar innan dei ulike fagområda vert oppmoda om å søkje.
Personlege eigenskapar:
- Ved tildeling av stilling vert kompetanse og personlege eigenskapar vektlagt
- Studentar og elevar innan dei ulike fagområda vert prioriterte
- Søkjar må vere førebudd på å bli kalla inn til intervju/samtale
- Søkjarar som kan jobbe samanhengande over ein periode vert prioritert
Språk:
- Norsk
Vi tilbyr:
- Arbeidserfaring med rettleiing og innføring i arbeidslivet
- Løn etter tariff
- Tilgang til sjø og ei aktiv fritid
- Hjelp med å finne bustad
Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Velkomen som søkjar!
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2881082
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3467643_140879_nn