Spesialsjukepleiar eller sjukepleiar med kirurgisk erfaring
Klinikk for hovud/hals/ Avdeling hovud-hals og auge, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar eller sjukepleiar med kirurgisk erfaring
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i dag
Avdeling Hovud-Hals og Auge har ledige faste 100% stillingar for spesialsjukepleiar eller sjukepleiar med kirugisk erfaring. Likar du ein spennande, variert og lærerik kvar dag i eit godt arbeidsmiljø? Det kan vi tilby.
Vi har pasientar innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Vi behandlar også kreftpasientar og har stipendordning for vidareutdanning i kreftsjukepleie. Pasientane får medisinsk/kirurgisk behandling, og strålebehandling. Avdelinga er inndelt i gruppesjukepleie med gruppeleiarfunksjon. Det er ein spennande avdeling med stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar, og vi har hovudansvar for tracheostomipasientar.
Vi har eit godt arbeidsmiljø og teamarbeidsklima med god trivsel. Det er vekentlege undervisningar på dei ulike fagfelt og undervisning av akutte hendingar. Vår fagsjukepleiar bidrar med kompetanseplanar og opplæring. Vi har også eit team med kreftsjukepleiarar. Det blir sørga for god opplæring med fadderordning. Det blir planlagt ønsketurnus og moglegheit for langvakter.
Du kan gjerne sjå bilete på vår Instagram side "hovud/hals/auge" og sjå video av avdelinga vår på Helse Bergens Instagram side. Om du ønsker ei omvisning i avdelinga kan du kontakta assisterande leiar Natallia på telefon 55973515.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk sjukepleie, observasjon og behandling til pasientane
- Varierte sjukepleieprosedyrar
- Legevisitt og tverrfagleg samarbeid med støttepersonell
- Gruppeleiar etter opplæring
- Samhandling med kommunehelsetenesta
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar og relevant utdanning i auge, kjeve eller øyre/nase/hals fagfelt eller kreftsjukepleie
- Sjukepleiar med minimum 2 års erfaring innan kirurgi kan og søke og blir vurdert
- Relevant sjukehuserfaring er ein fordel
- Du må meistre norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Positiv og løysingsorientert
- Ansvarsbevisst og fleksibel
- Fagleg engasjert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjerder
- Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
- Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Spennande avdeling med høgt fagleg nivå innen fleire fagfelt med stor variasjon i sjukepleiefaglege prosedyrar
- Gode kollegaer og svært godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Natallia Pashkouskaya, Assisterande seksjonsleiar, 55973519Kjersti Kleppestø Walde, Seksjonsleiar, 55973509
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4980922890
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Kjersti Kleppestø Walde
Seksjonsleiar
55973509
Natallia Pashkouskaya
Assisterande seksjonsleiar
55973519
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b2ba166b-4f26-4d27-a16d-f7b7d35c836a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f39ea0e5ede344cbb66aaa6003f4a94e