Helsesekretær/sekretær
RADIOLOGI ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsesekretær/sekretær
- Oppstart
- 2. februar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. januar
Vi har ledig eit 6 mnd vikariat, med mogleg forlenging, som helsesekretær/sekretær.
Avdelinga er ei fellesavdeling for radiologi for Ålesund og Volda, og har ansvar for det radiologiske tilbodet til pasientar på Sunnmøre. Vi tilbyr eit breitt utval av undersøkingar innan røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi), MR (magnetisk resonans), angiografi (bilete av blodårer), beintetthetsmåling og nuklærmedisin med PET og SPECT. Radiologi er eit spanande fagområde i rask utvikling, og våre tilsette nyttar avansert teknologi store delar av arbeidskvardagen. Undersøkingane vi tilbyr er ein naturleg del av svært mange forløp for både innlagde og polikliniske pasientar, og vi har eit nært samarbeid med dei fleste kliniske avdelingane på sjukehusa.
Vi søkjer deg som trivst med ulike merkantile oppgåver, både i samarbeid med kolleger og i møte med pasientar. Du må vere lærevilleg og handtere arbeidsdagar med høgt tempo. Vi ynskjer oss nokon som kan medvirke positivt i avdelinga, både fagleg og sosialt.
Høyrast dette lovande ut? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
Helse Møre og Romsdal HF ynskjer at medarbeiderane våre skal speile mangfoldet i befolkninga, og vi oppfordrar kvalifiserte til å søkje hos oss uansett kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det samme gjeld dersom du har hatt eit opphold i arbeidslivet.
Intervju blir gjort fortløpande, og oppstart i stillinga er ønskja snarast.
I tillegg til søknad og CV, ber vi om at du lastar opp vitnemål og tenestebevis/attestar som vedlegg. Dette for å dokumentere kvalifikasjonar som kjem fram i CV, og til å fastsette lønn.
Ikkje kjent i området? Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktivitetar både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast! Med Ålesund som utgangspunkt har du kort veg, både til høge fjell og til sjø, samt nærleik til flyplass (ca 25 min fra sjukehuset) som byr på gode høve for å nå destinasjonar i både innland og utland. Du kan lese meir om Ålesund her.
Arbeidsoppgåver
- Betjening av telefon
- Ankomstregistrering av pasientar
- Kassaregistrering
- Administrering av ventelister
- Oppsett av timeavtalar
- Andre forefallande kontorarbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med autorisasjon som helsesekretær, men ikkje eit krav
- Relevant praksis
- God IT- kompetanse
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
- Serviceorientert
- Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
- Engasjert og initiativrik til å stå på i eit spennande og hektisk miljø
- Evne til omstilling og interesse for kompetanseheving
- Gode samarbeidsevne
Å vere personleg eigna blir lagt vekt på ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Lisa Steinberg, Seksonsleiar, lisa.steinberg@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5064833510
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.02.2026
Søknadsfrist: 31.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b29d4c6a-5cf9-4326-aeaa-4af358b95a5f
- Sist endret
20. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7ffe7fad1c274db395cbbf799357c105
Lignende annonser
Ferievikar 2026 - Helsesekretær/ Sekretær
Arbeidsgiver
Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
RADIOLOGI ÅLESUND OG VOLDA-LEGAR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund