Spesialsjukepleiar/sjukepleiar/ vernepleiar
Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda (Akutt oppf. team), Helse Møre og Romsdal HF
Hamnegata 20, 6100 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar / sjukepleiar / vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. april
Ambulant seksjon DPS Volda er ein del av Klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal, og vi treng no nokon til 100% stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar/vernepleiar. Seksjonen består at tre team: Ambulant allmennteam (AAT), Assertive Community Treatment team (ACT) og Akutt heimebehandlingsteam (AHT).
Seksjonen har kontorlokale på Hamna 20 i Volda sentrum.
Dersom det vert intern omrokkering, så kan andre stillingar bli ledige i seksjonen.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
Ambulant Allmennteam yter målretta og individuell heimebehandling som alternativ til innleggelse, og til menneske som ikkje klarer å kome seg til psykiatrisk poliklinikk.
Heimebehandlinga kan bestå av:
- Utgreiing og kartlegging
- Medisinvurdering
- Psykoedukasjon
- Samarbeid og rettleiing til pårørande
- Rettleiing til kommuna
- Oppfølging etter innlegging
- Familiearbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
- Ønskeleg med erfaring frå både rus- og psykiatrifeltet, helst erfaring frå ambulant heimebehandling
- Ønskeleg med vidareutdanning innan psykisk helse og/eller rus
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- Gode norskkunnskapar er nødvendig
- Må ha førarkort for personbil
Personlege eigenskapar
- Ansvarsfull
- Strukturert
- Løysingsorientert
- Stort fagleg engasjement
- Gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
- Stor arbeidskapasitet
- Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Bidragsytar til fagleg utvikling i teamet
- Omstillingsdyktig
- Fungerer godt i team
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagde ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Solrun Brenk Rønning, Seksjonsleiar, 91570524, solrun.brenk.ronning@helse-mr.noArbeidsstad
Hamnegata 206100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4939710278
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2900696
- Hentet fra
talentech
- Referanse
14d89b4889cf42eab9371f950e765371