Er du på leit etter ny og innhaldsrik jobb? Me har no ledig faste nattevaktstillingar!
Vindafjord kommune Sandeidtun
Østbøvegen 13, 5585 Sandeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Nattevakter
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Sandeidtun har to ledige stillingar som fast kvilande nattevakt i 88,50% stilling (54,69 % i lønsprosent) frå 02.01.2026 og 50% stilling (33,10% i lønsprosent) med oppstart etter avtale.
Om eininga:Tilrettelagde tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse- og omsorgstenestelova; Bistand i heim og i bufellesskap med heildøgnstenester, avlasting, støttekontakt samt dagtilbod ved Gnisten arbeid og aktivitetssenter. Eininga kjøper også tenester som dagtilbod og BPA. Det er 4 avdelingar i tilrettelagde tenester. Tre av desse er heildøgns-bemanna bufellesskap, der ein og har ansvar for miljøarbeid og praktisk bistand til private bustader utanom bufellesskapa.
Eining tilrettelagde tenester gjev målretta miljøarbeid. Tenestene er personleg, sosialt og fysisk tilpassa enkeltmenneske sitt behov. Formålet er å fremje personleg vekst og utvikling, eigenmeistring og deltaking på lik linje med andre i samfunnet.
Sandeidtun er eit heildøgnsbemanna bufellesskap for menneske med psykisk utviklingshemming. Avdelinga gjev og tenester i utetenesta. Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukaranes behov. Me er svært oppteken av brukarmedvirkning, kompetanse og interesse for faget.
Hovudarbeidsoppgåver:Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukaranes behov. Fagarbeidar arbeider i team med assistentar og miljøterapeutar. Arbeidet er turnus med kvilande nattevakter og arbeid kvar tredje helg.
Kvalifikasjonar:Me ser ette deg som har eit fagbrev som helsefagarbeidar eller som barne- og ungdomsarbeidar. Studentar innan helse- og omsorg oppfordrast også til å søkje.
Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar:Me søkjer deg som har:
- Evne til samarbeid
- Evne til å ta imot og gje rettleiing
- Evne til refleksjon
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Positiv innstilling til brukarar og arbeidsplass
- Fleksibilitet
- Førarkort
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me kan tilby:- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
- Eigen studentavtale for studentar innan helse og sosialfagleg utdanning
- Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter- meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b242cd8b-7fe6-4dc8-837c-fb81128efcb3
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3560501_230983_nn
Lignende annonser
Vernepleiar eller anna relevant 3 åreg helse og sosialhøgskule
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Sandeid bufellesskap
Sted
Sandeid
Helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Institusjonsdrift
Sted
Ølen
Servicemedarbeidar
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Institusjonsdrift
Sted
Ølen