Ungdomsprest i Sunnfjord prosti, i og omkring Førde
Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme
Kyrkjevegen 23, 6809 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ungdomsprest i Sunnfjord prosti, i og omkring Førde
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. mai
Vi søkjer ein kapellan til spesialisert presteteneste retta inn mot unge og unge vaksne.
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd er allereie i gang med ei nysatsning gjennom eit diakonalt ungdomsprosjekt som heiter “KRAFT” med eigen prosjektleiar. Prosjektet går frå 2024-2027 og tida er inne for å målrette innsatsen framover. Spesialpresten vil samarbeide tett med "KRAFT” og vere ein aktiv bidragsyter i dette arbeidet. Saman med dei unge vil du få vere med å forme dette vidare.
Vi ønsker å ha ein prest som er dedikert for å arbeide inn mot desse arbeidsområdet og dermed bli fritatt frå ein del andre tradisjonelle presteoppgåver.
I Førde er det har Høgskulen på Vestland ei avdeling med bl.a. sjukepleieutdanning, det er ein stor videregaånde skule med nær 1000 elevar og i ferd med å etablere ein stor felles ungdomsskule der om lag 500 ungdommar vil bli samla.
Som ungdomsprest blir du ein del av det tverrfaglege teamet i Sunnfjord kyrkjelege fellesråd. Her får du del i eit mangfaldig og aktivt kyrkjelydsarbeid som når ut til alle aldersgrupper. Du blir også en del av eit fagleg nettverk av prester og andre som jobber med satsinga på ungdom og unge vaksne i Bjørgvin bispedøme.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.Arbeidsoppgåver
- Gudstenester for ungdom og konfirmantar (G2, gudstenester på leir og gudstenester i konfirmasjonstida)
- Leiartrening – Follow Me NMS
- Delta og arrangere klubbkvelder
- Konfirmantundervisning
- Deltaking i KRAFT sine tiltak.
- Leirarbeid
- Planlegge og gjennomføre konfirmantfestival i lag med aktuelle samarbeidsparter
- Følge opp og samarbeide tett med ungdomsleiarar i kyrkjelydane.
- Bibelundervisning eller grupper for unge og unge vaksne.
- Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
- Noko tenestearbeid med gudstenester og kyrkjelege handlingar etter avtale med prost
Bispedømmerådet vil evaluere alle spesialiserte preststillingar kvart tredje år. Stillinga inngår som fast stilling i prostiet, men innhald vil på sikt kunne bli endra ut i frå behova i prostiet og utviklinga på satsingsområda. Den som er i stillinga må være inneforstått med justeringar i arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Erfaring med og kunnskap om ungdomsarbeid
- Evne og vilje til samarbeid
- Eit ønske om å bygge relasjoner og motivere frivillige
- Søkjar må kunne samarbeida også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
- Stillingskode 0922 kapellan etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsinnskott i KLP
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldende regulativ
- Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsvegleiing (ABV)
Det er ein fordel å ha førerkort og disponere eigen bil.
Målforma er nynorsk.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Kontaktinformasjon
Knut Magne Nesse, Prost i Sunnfjord, 91713275Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276
Arbeidssted
Kyrkjevegen 236809 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Den norske kirkeReferansenr.: 4954172746
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Therese Nesse Mokkelbost
HR-sjef i Bjørgvin bispedøme
93612276
Knut Magne Nesse
Prost i Sunnfjord
91713275
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2931181
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ab304bc7301c41baa23f1446adfc83dd