Spesialpedagog
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialpedagog
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. mars
Om stillinga
Ressursteamet i Sveio kommune er eit team samansett av spesialpedagogar. Teamet gjev spesialpedagogisk hjelp til barn med vedtak i barnehage som er busett i kommunen. Vi arbeider for å gje fagleg kompetanseheving i laget rundt barnet. Dette for å sikra eit inkluderande tilbod til alle. Sveio kommune har tre private og to kommunale barnehagar. Sveiobarnehagane skal vere ein arena for tidleg innats og inkluderande utviklings- og læringsmiljø. Vi har ledig 100% fast stilling som spesialpedagog.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere spesialpedagogiske tiltak i tråd med vedtak
- Observere, kartlegge, utarbeide og følge opp planar for spesialpedagoisk hjelp
- Samarbeide med føresette, tilsette og eksterne instanser (PPT, helsestasjon, BUP, Habilitering m.fl)
- Bistå med rettleiing og fagleg kompetanseheving i laget rundt barnet
- Sikre inkluderande tilbod til alle
- Andre oppgåver kan bli delegert til stillinga
Kvalifikasjonar
- Treåring høgskuleutdanning med vidareutdanning i spesialpedagogikk
- Erfaring frå spesialpedagogisk arbeid i barnehage
- Ønske om erfaring frå arbeid med nevroutviklingsforstyrrelser
- Ønske om erfaring frå arbeid med alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
- Ved tilsetjing må tilfredsstillande politiattest av ny dato leggast fram
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som er:
- Respektfull, varm og inkluderande i møte med andre og som skapar trygge relasjonar
- Glad i leik og aktivitet som gir barn gode meistringsopplevingar
- Fagleg engasjert og oppdatert
- Oppteken av godt samarbeid
- Sjølvstendig, strukturert, fleksibel og initiativrik
- Har gode digitale dugleikar
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
Vi tilbyr
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b2273eff-bad3-4e90-aca1-cfd6e87d5e3a
- Sist endret
18. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10287554